Hebrews 5
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1For kvar øvsteprest vert teken bland menneskje og vert innsett for menneskje til tenesta for Gud, til å bera fram gåvor og slagtoffer for synder,Select Hebrews 5:1
2som ein sovoren som kann vera linnhjarta mot dei vankunnige og villfarande, av di han og sjølv ligg under vesaldom,Select Hebrews 5:2
3og for den skuld lyt han bera fram syndoffer, liksom for folket, so og for seg sjølv.Select Hebrews 5:3
4Og ingen tek seg sjølv den æra til, men den som vert kalla av Gud liksom Aron.Select Hebrews 5:4
5So hev ikkje Kristus heller tillagt seg den æra å verta øvsteprest, men han som sagde til honom: «Du er min son, eg hev født deg i dag.»Select Hebrews 5:5
6Liksom han og segjer ein annan stad: «Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis.»Select Hebrews 5:6
7Og han hev i sitt kjøts dagar med sterkt rop og tåror bore fram bøner og naudbeding til honom som kunde frelsa honom frå dauden, og vart bønhøyrd for sin gudlegdom,Select Hebrews 5:7
8og soleis lærde han, endå han var son, lydnad av det han leid;Select Hebrews 5:8
9og då han var fullenda, vart han upphav til æveleg frelsa for alle deim som lyder honom,Select Hebrews 5:9
10med di Gud kalla honom øvsteprest etter Melkisedeks vis.Select Hebrews 5:10
11Um dette hev me mykje å segja, som og er vandt å leggja ut, då de hev vorte seinføre til å høyra.Select Hebrews 5:11
12For de som etter tidi skulde vore lærarar, de treng atter til at ein lærer dykk dei fyrste grunnar i Guds ord; og de hev vorte slike som treng til mjølk og ikkje fast føda.Select Hebrews 5:12
13For kvar den som fær mjølk, er urøynd i rettferds ord; for han er eit barn.Select Hebrews 5:13
14Men fast føda er for vaksne, for deim som ved tame hev tilvande sansar til å skilja millom godt og vondt.Select Hebrews 5:14
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation