Skip to content
Church.wiki
Hebrews

Hebrews 8

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Men ei hovudsak i det som her vert sagt, er: Me hev ein sovoren øvsteprest som hev sett seg ved høgre sida åt kongsstolen til Majestæten i himlarne,Select Hebrews 8:1

2med presteleg tenesta i heilagdomen, det sanne tjeldet, som Herren hev reist og ikkje eit menneskje.Select Hebrews 8:2

3For kvar ein øvsteprest vert innsett til å bera fram både gåvor og slagtoffer; difor er det naudsynlegt at denne og hev noko som han kann bera fram.Select Hebrews 8:3

4For var han no på jordi, so var han ikkje ein gong prest; for det finst prestar som ber fram gåvorne etter lovi,Select Hebrews 8:4

5dei som tener ei likning og ein skugge av det himmelske, etter den fyreskrift Moses fekk då han skulde laga tjeldet; for han segjer: «Sjå til at du fær gjort alt etter det fyrebilætet som vart synt deg på fjellet!»Select Hebrews 8:5

6Men no hev han fenge so mykje betre prestetenesta, som det og er ei hævare pakt han er millommann for, med di ho er grunnlagd på hævare lovnader.Select Hebrews 8:6

7For hadde den fyrste vore ulastande, so var det ikkje søkt rom åt ei onnor.Select Hebrews 8:7

8For det er lastord han talar til deim når han segjer: «Sjå, det kjem dagar, segjer Herren, då eg vil gjera ei ny pakt med Israels hus og Judas hus,Select Hebrews 8:8

9ikkje etter den pakti som eg gjorde med federne deira den dagen då eg tok deim i handi og leide deim ut or Egyptarland; for dei vart ikkje standande i mi pakt, og so brydde eg meg ikkje um deim, segjer Herren.Select Hebrews 8:9

10For dette er den pakti som eg vil gjera med Israels hus etter dei dagarne, segjer Herren: Eg vil gjeva loverne mine i hugen deira og skriva deim inn i hjarto deira, og eg vil vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk,Select Hebrews 8:10

11og dei skal ikkje læra kvar sin landsmann og kvar sin bror og segja: «Kjenn Herren!» for dei skal alle saman kjenna meg, frå den minste til den største av deim.Select Hebrews 8:11

12For eg vil vera nådig mot misgjerderne deira, og synderne deira vil eg ikkje lenger koma i hug.»Select Hebrews 8:12

13Med di han segjer: «ei ny», hev han dømt den fyrste som gamall; men det som vert gamalt og foraldra, er nær ved å kverva burt.Select Hebrews 8:13

Next: Hebrews 9Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Hebrews

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.