Skip to content
Church.wiki
Hosea

Hosea 1

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Herrens ord som kom til Hosea, son åt Be’eri, i dei dagarne då Uzzia, Jotam, Ahaz og Hizkia var kongar i Juda, og då Jeroboam, son åt Joas, var konge i Israel.Select Hosea 1:1

2Herrens fyrste ord til Hosea var at han sagde til honom: «Gakk stad og få deg ei horkona og horeborn! For landet driv på med hor og fer soleis burt ifrå Herren.»Select Hosea 1:2

3Då gjekk han stad og gifte seg med Gomer dotter, hans Diblajim. Og ho vart med barn og fødde honom ein son.Select Hosea 1:3

4Og Herren sagde til honom: «Lat honom heita Jizre’el! For um ein stakkut stund vil eg lata huset hans Jehu lida for Jizre’els blodskuld og gjera ende på kongedømet i Israels hus.Select Hosea 1:4

5Den dagen skal det bera so til at eg bryt sund Israels boge i Jizre’els dal.»Select Hosea 1:5

6Og ho vart med barn att og fekk ei dotter. Då sagde han til honom: «Lat henne heita Lo-Ruhama! For eg kjem ikkje lenger til å miskunna Israels hus, so eg tilgjev deim.Select Hosea 1:6

7Men Judas hus miskunnar eg og let deim verta frelste av Herren, deira Gud. Men med boge og sverd og krig, med hestar og ridarar frelser eg deim ikkje.»Select Hosea 1:7

8Då ho hadde vant av Lo-Ruhama, vart ho med barn att og fekk ein son.Select Hosea 1:8

9Då sagde han: «Lat honom heita Lo-Ammi! For de er ikkje mitt folk, ikkje heller skal eg høyra dykk til.»Select Hosea 1:9

10Men talet på Israels born skal vera som sanden på havsens strand, den som ikkje kann mælast eller teljast. Og det skal verta so, at der ein fyrr sagde til deim: «De er ikkje mitt folk,» der skal ein segja til deim: «Borni åt den livande Gud.»Select Hosea 1:10

11Og Juda-borni og Israels-borni skal fylkja seg saman og velja seg ein konge og fara upp or landet. For stor er Jizre’els dag.Select Hosea 1:11

Next: Hosea 2Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Hosea

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.