Hosea 10
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Eit rikt vintre er Israel og ber frukt. Men di meir frukt han fekk, di meir auka han talet altari sine. Di betre det gjekk for landet hans, di betre gjorde han minnesteinarne.Select Hosea 10:1
2Hjarto deira var falske, no skal dei få bøta. Han skal brjota ned altari deira og slå sund deira minnesteinar.Select Hosea 10:2
3Ja, no skal dei segja: «Ingen konge hev me, for me hev ikkje ottast Herren. Og kongen, kva kann vel han gjera for oss?»Select Hosea 10:3
4Tala tome ord, sverja falskt, gjera semja! Og domen renn upp som beiskt ugras på åkerforerne.Select Hosea 10:4
5For kalven i Bet-Aven er Samaria-buarne ottefulle. Ja, folket hans syrgjer yver honom, og prestarne hans skjelv for honom, for herlegdomen hans, av di han er førd burt ifrå honom.Select Hosea 10:5
6Han sjølv skal førast til Assur, ei gåva til kong Jareb. Skam skal Efraim henta seg, skjemmast skal Israel for rådgjerdi si.Select Hosea 10:6
7Ute er det med Samaria-kongen, som ei treflis på vatnet rek han av.Select Hosea 10:7
8Øydast skal Avens offerhaugar, Israels synd. Torn og tistel skal renna upp på altari deira. Og dei skal segja til fjelli: «Gøym oss!» og til haugarne: «Velt dykk yver oss!»Select Hosea 10:8
9Radt ifrå Gibea-dagarne hev du synda, Israel! Der hev du stade. Skulde han ikkje nå deim i Gibea, krigen mot nidingarne?Select Hosea 10:9
10Når eg hev hug til det, tuktar eg deim. Og folki samlar seg imot deim og bind deim fast til tvifalds-syndi deira.Select Hosea 10:10
11Og Efraim er ei tamd kviga som likar å treskja. Og eg hev spart den fagre halsen hennar. No vil eg leggja oket på Efraim. Juda skal pløgja, Jakob skal horva.Select Hosea 10:11
12Så åt dykk som rettferd krev, hausta etter kjærleiks lov! Brjot dykk nybrot! For det er tid til å søkja Herren, so han kann koma og lata rettferd regna yver dykk.Select Hosea 10:12
13De hev pløgt gudløysa, rettløysa hev de hausta. De hev ete lygjefrukt, med di du hev sett lit til vegen din, til mengdi av kjemporne dine.Select Hosea 10:13
14Med det reiser seg ein stridsdun millom fylki dine, og alle borgfesti dine skal falla, liksom Bet-Arbel vart lagt i øyde av Salman den stridsdagen då dei krasa både mor og barn.Select Hosea 10:14
15Slikt skal Betel føra yver dykk for dykkar store vondskap. Når morgonen rodar, er det ute, ute med Israels-kongen.Select Hosea 10:15
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain