Skip to content
Church.wiki
Hosea

Hosea 6

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1«Kom, lat oss venda um til Herren! For det er han som hev såra, og han vil lækja oss. Han slo, men vil og fetla oss.Select Hosea 6:1

2Han skal gjera oss livande um tvo dagar, den tridje dagen skal han reisa oss upp att, og me skal liva framfor hans åsyn.Select Hosea 6:2

3So lat oss læra å kjenna, ja, lat oss strida for å læra kjenna Herren! Han renn upp so visst som morgonroden. Og han kjem nedyver oss som regnet, som eit vårregn som væter jordi.»Select Hosea 6:3

4Kva skal eg gjera med deg, Efraim? Kva skal eg gjera med deg, Juda? For kjærleiken dykkar er som ei morgonsky, liksom doggi som tidleg kverv.Select Hosea 6:4

5Difor hev eg gjeve hogg ved profetarne. Eg hev drepe deim med min munns ord, og domarane dine for ut som ljoset.Select Hosea 6:5

6For eg hev hug til kjærleik og ikkje til slagtoffer, og til Guds-kunnskap meir enn til brennoffer.Select Hosea 6:6

7Men dei hev brote pakti som Adam. Der hev dei vore utrue mot meg.Select Hosea 6:7

8Gilead er ein by for illgjerningsmenner, full av blodfar.Select Hosea 6:8

9Og som ein røvarflokk som ligg på lur etter folk, er heile prestehopen; dei drep på vegen til Sikem. Ja, skamlaust fer dei åt.Select Hosea 6:9

10I Israels hus hev eg set gruvelege ting. Der driv Efraim på med hor, sulkar Israel seg til.Select Hosea 6:10

11Ogso for deg, Juda, er tiletla ei skurdonn, når eg vender mitt folks lagnad.Select Hosea 6:11

Next: Hosea 7Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Hosea

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.