Skip to content
Church.wiki
Isaiah

Isaiah 13

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Framsegn um Babel, som Jesaja, son åt Amos, skoda.Select Isaiah 13:1

2Reis eit merke på skoglaust fjell, ropa høgt til deim, veifta med handi, at dei må koma og draga inn gjenom portarne åt valdsherrarne.Select Isaiah 13:2

3Eg hev bode ut dei vigde mennerne mine, ja, til å føra fram min vreide hev eg kalla kjemporne mine, dei sigerbyrge, jublande skarar.Select Isaiah 13:3

4Høyr, bråk på fjelli som av eit stort folk! Høyr gnyen av kongerike, av folk som strøymer i hop! Herren, allhers drott, mynstrar stridsheren sin.Select Isaiah 13:4

5Ifrå land langt burte kjem dei, frå himmelens ende, Herren og hans vreide-verkty, og vil herja heile jordi.Select Isaiah 13:5

6Jamra dykk! for Herrens dag er nær; han kjem som vald frå Allvald.Select Isaiah 13:6

7Difor sig alle hender, og alle mannshjarto brånar i barmen.Select Isaiah 13:7

8Dei skjelv, verk og ve tek deim, dei vrid seg som ei fødande kvinna. Vitskræmde stirer dei på kvarandre, raude som eldslogar er dei i andlitet.Select Isaiah 13:8

9Sjå, Herrens dag kjem gruveleg, full av vreide og brennande harm, og skal gjera jordi til ei øydemark, og rydja ut syndarane hennar.Select Isaiah 13:9

10For stjernorne og stjernebilæti på himmelen let ikkje ljoset sitt skina, myrk er soli når ho renn, og månen let ikkje ljoset sitt stråla.Select Isaiah 13:10

11Eg vil heimsøkja jordi for vondskapen og dei gudlause for deira misgjerningar, eg vil gjera ende på storlætet åt dei ovmodige og døyva byrgskapen hjå valdsherrarne.Select Isaiah 13:11

12Eg skal gjera folk meir sjeldsynte enn fint gull, menneskje meir sjeldsynte enn gull frå Ofir.Select Isaiah 13:12

13Difor vil eg skaka himmelen, og jordi skal fara bivrande upp frå sin stad ved harmen åt Herren, allhers drott, på den dagen vreiden hans brenn.Select Isaiah 13:13

14Som skræmde gasellor, som sauer som ingen sankar, skal dei snu heim, kvar til sitt folk, og fly kvar til sitt land.Select Isaiah 13:14

15Kvar den som vert funnen, vert gjenomstungen, og kvar den som vert gripen, skal falla for sverd.Select Isaiah 13:15

16Småborni deira skal krasast framfor augo deira; husi deira skal verta herja og kvinnorne deira valdtekne.Select Isaiah 13:16

17Sjå, eg eggjar mot deim medarane, som ikkje bryr seg um sylv eller trår etter gull.Select Isaiah 13:17

18Bogarne deira skal fella gutarne; med livsfrukt hev dei ingen medynk, borni sparer dei ikkje.Select Isaiah 13:18

19Og med Babel, kruna millom riki, den stolte kaldæar-pryda, skal det ganga som då Gud lagde Sodoma og Gomorra i øyde.Select Isaiah 13:19

20Aldri meir skal det byggjast att; frå ætt til ætt skal ingen bu der; ingen arab skal slå upp sitt tjeld, og ingen hyrding lægra seg der med si hjord.Select Isaiah 13:20

21Men villdyr skal liggja der, og husi fyllast av hubro; strutsar skal bu der, og raggetroll hoppa ikring.Select Isaiah 13:21

22Ulvar skal yla i borgerne og sjakalar i vellyst-slotti. Snart stundar timen til, og dagarne skal ikkje drygast ut.Select Isaiah 13:22

Next: Isaiah 14Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Isaiah

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.