Skip to content
Church.wiki
Isaiah

Isaiah 20

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Det året då Tartan kom til Asdod, den gongen Sargon, kongen i Assyria, sende honom, og han stridde mot Asdod og hertok det -Select Isaiah 20:1

2på den tidi tala Herren gjenom Jesaja, son åt Amos, soleis: «Upp, løys din klædnad av sekkjety av lenderne dine og drag skorne av føterne dine!» Og han gjorde soleis og gjekk naken og berrføtt.Select Isaiah 20:2

3Og Herren sagde: «Liksom tenaren min, Jesaja, hev gjenge naken og berrføtt, og no i tri år hev vore eit teikn og eit varsel um Egyptarland og Ætiopia,Select Isaiah 20:3

4soleis skal kongen i Assyria lata fangarne frå Egyptarland, dei burtførde frå Ætiopia, både unge og gamle, fara av stad nakne og berrføtte og med berr bak, til skjemsla for Egyptarland.Select Isaiah 20:4

5Då skal dei verta forfælte og skjemmast yver Ætiopia, som var voni deira, og yver Egyptarland, som dei rosa seg av.Select Isaiah 20:5

6Og dei som bur på denne strandi, skal segja på den dagen: «Soleis gjekk det med deim me studde oss til, med deim me flydde til i von um hjelp imot assyrarkongen. Korleis kann då me koma undan?»»Select Isaiah 20:6

Next: Isaiah 21Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Isaiah

Selected verses

Tap another verse to select a range.