Isaiah 24
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Sjå, Herren tømer jordi og øyder henne, han brigder hennar skapnad, og spreider deim som bur på henne.Select Isaiah 24:1
2Då gjeng det presten som folket, trælen som herren hans, trælkvinna som frua hennar, kjøparen som seljaren, utlånaren som lånaren, okraren som skuldmannen hans.Select Isaiah 24:2
3Tømd, ja uttømd skal jordi verta og plundra, ja plundra. For Herren hev tala dette.Select Isaiah 24:3
4Jordi fauskast og folnar, jordheimen ormegtast og armast. Storingarne på jordi ormegtast.Select Isaiah 24:4
5Og jordi er vanhelga under deira føter som bur der. For dei hev brote loverne, rengt retten, brote den ævelege pakti.Select Isaiah 24:5
6Difor øyder forbanning jordi, og bøta lyt ibuarane. Difor vert jordbuarne brende burt, so få folk vert leivde.Select Isaiah 24:6
7Druvesafti tek skade, vintreet visnar; sukka lyt alle hjarteglade.Select Isaiah 24:7
8Det er slutt med den glade ljod av trummor og slutt med ståket av deim som jublar. Det er slutt med gleda ved klangen av cither.Select Isaiah 24:8
9Syngjande tømer dei ikkje vinstaupet meir; beisk er drykken for deim som drikk.Select Isaiah 24:9
10Nedbroten er den aude byen; stengt er kvart hus, so ingen kann ganga inn.Select Isaiah 24:10
11Dei skrik på gatorne yver vinen, all gleda er burte, landlyst er gaman or landet.Select Isaiah 24:11
12Berre øyding er leivd i byen, og porten ligg krasa i røys.Select Isaiah 24:12
13For soleis skal det ganga til midt millom folki på jord, liksom når oljeber vert nedslegne, som ved etterhaustingi, når det er slutt med vinbergingi.Select Isaiah 24:13
14Dei, dei skal lyfte røysti si og ropa med fagnad; yver Herrens herlegdom skal dei frå havet fegnast.Select Isaiah 24:14
15«Æra difor Herren, de i Austerland, namnet åt Herren, Israels Gud, de på havsens øyar.»Select Isaiah 24:15
16Frå ytste jaren åt jordi høyrer me lovsong: «Æra vere den rettferdige!» Men eg segjer: Eg gjeng til, eg gjeng til, usæl eg! Ransmenner ranar, ja ransmenner gjer ran.Select Isaiah 24:16
17Gruv og grav og gildra yver deg, du som bur på jordi!Select Isaiah 24:17
18Og det skal henda at den som flyr for det gruvelege bråket, skal falla i gravi, og den som kjem upp or gravi, skal verte fanga i gildra. For himmelslusorne er opna, og grunnvollarne åt jordi skjelv.Select Isaiah 24:18
19Jordi brest og knest, jordi rivnar og klovnar, jordi skjek og skjelv.Select Isaiah 24:19
20Skjangla skal jordi som drukken mann, svaga som eit gjætarskjol, misgjerdi hennar skal tyngja henne ned, og ho skal falla og ikkje reisa seg meir.Select Isaiah 24:20
21Og det skal henda på den dagen at Herren skal heimsøkja høgheimsheren i høgdom og jordkongarne nedpå jordi,Select Isaiah 24:21
22og dei skal sankast som fangar i hola og setjast fast i fangehuset, og etter mange dagar skal dei få si straff.Select Isaiah 24:22
23Og månen skal blygjast og soli skjemmast. For Herren, allhers drott, råder på Sionsfjellet og i Jerusalem, og framfor augo på hans styresmenner er det herlegdom.Select Isaiah 24:23
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain