Isaiah 26
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1På den dagen skal dei syngja denne songen i Judalandet: «Ein sterk by hev me. Frelsa set han til mur og vern.Select Isaiah 26:1
2Lat upp portarne, so der må få ganga inn eit rettferdigt folk, som varar truskap.Select Isaiah 26:2
3Åt den som er hugfast, varar du stendig fred; for på deg lit han.Select Isaiah 26:3
4Lit då på Herren allstødt! For Herren, Herren er eit æveleg berg.Select Isaiah 26:4
5For han gjer deim ringe som hev fest bu i høgddom, støyter ned den grunnfeste byen, sturtar han til jordi, heilt ned i moldi.Select Isaiah 26:5
6Føter trakka honom ned, føter av vesalmenn, fet av armingar.Select Isaiah 26:6
7Men vegen åt den rettferdige er jamn. Veg åt den rettferdige jamnar du.»Select Isaiah 26:7
8På dine domars veg ventar me deg, Herre. Namnet ditt og minnet ditt dreg vår sjæl.Select Isaiah 26:8
9Mi sjæl kjenner seg dregi til deg um natti; og åndi i meg leitar etter deg. For straks domarane dine råkar jordi, lærer jordbuarne rettferd.Select Isaiah 26:9
10Fær den gudlause nåde, so lærer han ikkje rettferd. Då gjer han urett i det rettvisaste landet, og Herrens høgd ser han ikkje.Select Isaiah 26:10
11Herre, høgt er handi di lyft, men dei ser det ikkje. Lat deim sjå brennhugen din for folket og skjemmast. Ja, eld øydde uvenerne dine!Select Isaiah 26:11
12Herre, du skal hjelpa oss til fred. For alle verki våre hev du verka.Select Isaiah 26:12
13Herre, vår Gud! Andre herrar enn du hev rådt yver oss. Einast ved deg prisar me namnet ditt.Select Isaiah 26:13
14Daude livnar ikkje, skuggar stend ikkje upp. Difor heimsøkjer og øydelegg du deim og gjer til inkjes minnet um deim.Select Isaiah 26:14
15Du auka folket, Herre! Du auka folket, og synte deg herleg. Du hev flytt alle grensesteinarne åt landet langt ut.Select Isaiah 26:15
16Herre, i naudi leita dei etter deg. Dei sende upp stille bøner, då refsingi kom yver deim.Select Isaiah 26:16
17Liksom ei kvinna som er med barn, vrid seg og skrik i riderne når ho skal føda, soleis gjekk det oss for din vreide skuld, Herre.Select Isaiah 26:17
18Me var med barn, me hadde rider; då me fødde, var det vind. Berging har me ikkje til landet, og jordbuar vart ikkje fødde.Select Isaiah 26:18
19Dine daude skal verta livande, mine lik skal standa upp. Vakna og fegnast, de som bur i moldi. For ei ljossens dogg er di dogg; og jordi føder daudingar av seg.Select Isaiah 26:19
20Gakk då, mitt folk, inn i kovarne dine, og lat att dørerne etter deg! Gøym deg ein augneblink, til dess vreiden gjeng yver.Select Isaiah 26:20
21For sjå, Herren gjeng ut frå bustaden sin og vil heimsøkja jordbuarne for deira misgjerder skuld, og jordi skal syna fram sitt utrende blod og ikkje meir dylja sine drepne.Select Isaiah 26:21
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain