Skip to content
Church.wiki
Isaiah

Isaiah 27

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1På den dagen skal Herren med sverdet sitt, det harde og store og sterke, heimsøkja Livjatan, den flogsnare ormen, og Livjatan, den krøkjande ormen, og han skal drepa sjøormen.Select Isaiah 27:1

2På den dagen skal de finnast ein yndeleg vingard, syng um honom:Select Isaiah 27:2

3«Eg, Herren, er vaktaren hans. Kvar augneblink vatnar eg honom, at ikkje nokon skal heimsøkja honom, vaktar eg honom dag og natt.Select Isaiah 27:3

4Vreide hev eg ikkje; men vilde tornar og tistlar reisa seg til krig, skulde eg gå laus på deim, brenna deim heilt upp -Select Isaiah 27:4

5utan so dei vilde fly til mi vern, gjera fred med meg, ja gjera fred med meg.»Select Isaiah 27:5

6I komande dagar skal Jakob røta seg, Israel bløma og få renningar og fylla jordheimen med si frukt.Select Isaiah 27:6

7Hev han slege honom liksom han slo plågaren hans? Eller vart han myrd liksom mordarane hans vart det?Select Isaiah 27:7

8Med måte refste du henne, med du sende henne burt. Han dreiv henne burt med sitt harde ver, den dagen austanvinden bles.Select Isaiah 27:8

9Difor vert og misgjerdi åt Jakob utsona, og det at syndi vert burtteki, fær gjeva fullmogi frukt, når alle altarsteinarne vert krasa som kalksteinar, og Astarte-bilæti og solstolparne ikkje reiser seg meir.Select Isaiah 27:9

10For den faste byen ligg i øyde, ein folketom bustad, aud som øydemarki. Kalvar beiter der og hev der si lega og et av kvisterne.Select Isaiah 27:10

11Når greinerne hev vorte turre, bryt dei deim av, kvinnfolki nører upp eld med deim. For dette er ikkje noko vitugt folk. Difor miskunnar deira skapar deim ikkje, og han som laga deim, er deim ikkje nådig.Select Isaiah 27:11

12Og det skal henda på den dagen, at Herren skal halda ei frukthausting alt frå Storelvi til Egyptarlands-bekken, og de, Israels born, skal verte sanka, ein for ein.Select Isaiah 27:12

13Og det skal henda på den dagen at dei skal blåsa i ein stor lur, og då skal dei koma dei burtkomne i Assurs land og dei burtdrivne i Egyptarlandet, og dei skal tilbeda Herren på det heilage fjellet i Jerusalem.Select Isaiah 27:13

Next: Isaiah 28Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Isaiah

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.