Skip to content
Church.wiki
Isaiah

Isaiah 38

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1I dei dagarne lagdes Hizkia i helsott; då kom profeten Jesaja Amosson til honom og sagde med honom: «So segjer Herren: «Skila for deg! for du skal døy; du vert ikkje god att.»»Select Isaiah 38:1

2Då snudde Hizkia seg mot veggen og bad til Herren:Select Isaiah 38:2

3«Å Herre! kom i hug kor eg hev ferdast ærleg og heilhjarta di åsyn og gjort det som godt var i dine augo!» Og Hizkia sette i og storgret.Select Isaiah 38:3

4Då kom Herrens ord til Jesaja soleis:Select Isaiah 38:4

5«Gakk og seg til Hizkia: «So segjer Herren, Gud åt David, far din: Eg hev høyrt bøni di og set tårorne dine. Sjå, eg aukar alderen din med femtan år.Select Isaiah 38:5

6Or handi på assyrarkongen bergar eg deg og denne byen; ja, eg vernar denne byen.Select Isaiah 38:6

7Og dette gjev Herren deg til merke på at Herren heldt det han hev lova:Select Isaiah 38:7

8Sjå, eg let skuggen på solskiva, som med soli hev gjenge ned på solskiva åt Ahaz, ganga ti strik attende.»» Og soli gjekk attende ti av dei striki ho hadde gjenge ned.Select Isaiah 38:8

9Ein skrift av Hizkia, kongen i Juda, då han hadde vore sjuk, men hadde kome seg av sjukdomen:Select Isaiah 38:9

10«Eg sagde: I mine beste år lyt eg fara igjenom helheimsportarne; eg lyt bøta med resten av åri mine.Select Isaiah 38:10

11Eg sagde: Eg fær ikkje sjå Herren, Herren i landet åt dei livande; eg fær ikkje skoda menneskje meir millom deim som bur i stilla.Select Isaiah 38:11

12Min bustad vert upprykt og burtførd frå meg som eit hyrdingtjeld. Eg hev rulla mitt liv i hop som ein vevar; frå varpet skjer han meg av; fyrr dag vert natt, er du ferdig med meg.Select Isaiah 38:12

13Eg roa meg alt til morgons; som ei løva, so bryt han alle mine bein; fyrr dag vert natt, er du ferdig med meg.Select Isaiah 38:13

14Som ei svala, ei trana, so sutra eg, eg kurra som ei duva; dimt såg mine augo mot høgdi: Eg er kvidefull, Herre, borga for meg!Select Isaiah 38:14

15Kva skal eg segja? Han hev meg sagt det, og han hev gjort det. Stilt vil eg ferdast alle mine år for all mi sjælekvida.Select Isaiah 38:15

16Herre, dei er til liv, og dei held uppe alt liv i mi ånd. So gjer meg då frisk og lat meg liva!Select Isaiah 38:16

17Det beiske, det beiske vart meg til fred, og du drog kjærleg mi sjæl or tyningsgravi; for du kasta bak din rygg alle synderne mine.Select Isaiah 38:17

18For ikkje prisar helheimen deg, ikkje lovar dauden deg; ikkje vonar dei som fer ned i gravi på truskapen din.Select Isaiah 38:18

19Den livande, den livande, han prisar deg liksom eg i dag; ein far lærer borni sine um truskapen din.Select Isaiah 38:19

20Herren vil frelsa meg, og på strengleikar vil me leika alle våre livedagar i Herrens hus.»Select Isaiah 38:20

21Jesaja sagde dei skulde taka ei fikekaka og leggja til plåster på svullen, so han skulde friskna til att.Select Isaiah 38:21

22Hizkia sagde: «Kva skal eg hava til merke på at eg skal ganga upp til Herrens hus?»Select Isaiah 38:22

Next: Isaiah 39Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Isaiah

Selected verses

Tap another verse to select a range.