Skip to content
Church.wiki
James

James 4

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Kva kjem all ufred og strid av millom dykk? Er det ikkje av dykkar lyster, som strider i lemerne dykkar?Select James 4:1

2De lystar og hev ikkje; de slær i hel og ovundast og kann ikkje få; de ligg i strid og ufred. De hev ikkje, av di de ikkje bed;Select James 4:2

3de bed og fær ikkje, av di de bed ille, um slikt som de kann øyda upp i dykkar lyster.Select James 4:3

4De utrugne! veit de ikkje at venskap med verdi er fiendskap imot Gud? Den som då vil vera ven med verdi, han vert Guds fiende.Select James 4:4

5Eller trur de at skrifti talar fåfengt? Med brennhug trår han etter Anden som han hev late bu i oss. Men di større er den nåde som han gjev.Select James 4:5

6Difor heiter det: «Gud stend dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde.»Select James 4:6

7Ver difor Gud undergjevne! Men statt djevelen imot, so skal han fly frå dykk!Select James 4:7

8Haldt dykk nær til Gud, so skal han halda seg nær til dykk! Reinsa henderne, de syndarar, og gjer hjarto reine, de tvihuga!Select James 4:8

9Kjenn dykkar naud og syrg og gråt! Lat låtten dykkar vendast til sorg, og gleda til trege.Select James 4:9

10Audmyk dykk for Herren, so skal han upphøgja dykk!Select James 4:10

11Baktala ikkje kvarandre, brør! Den som baktalar ein bror eller dømer bror sin, han baktalar lovi og dømer lovi; men dømer du lovi, so er du ikkje ein som gjer etter lovi, men hennar domar.Select James 4:11

12Ein er lovgjevaren og domaren, han som er megtig til å frelsa og til å tyna. Men du, kven er du som dømer din næste?Select James 4:12

13Og no, de som segjer: «I dag eller i morgon vil me fara til den byen og vera der eit år og handla og hava vinning,»Select James 4:13

14de som ikkje veit kva som skal henda i morgon! For kva er livet dykkar? De er ein eim som ei liti stund er synleg og so kverv burt.Select James 4:14

15I staden for at de skulde segja: «Um Herren vil, so kjem me til å liva, og so skal me gjera det eller det!»Select James 4:15

16Men no rosar de dykk sjølve i dykkar storlæte. All slik ros er vond.Select James 4:16

17Den som då veit å gjera godt, men ikkje gjer det, han hev synd for det.Select James 4:17

Next: James 5Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

James

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.