Skip to content
Church.wiki
Jeremiah

Jeremiah 10

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Høyr det ord som Herren talar til dykk, Israels hus!Select Jeremiah 10:1

2So segjer Herren: Ven dykk ikkje til vegen åt heidningfolki, og ræddast ikkje himmelteikni, endå um heidningarne ræddast deim.Select Jeremiah 10:2

3For dei seder folkeslagi hev, er fåfengd; for dei høgg eit tre i skogen, og treskjeraren lagar det til med øksi,Select Jeremiah 10:3

4med sylv og med gull pryder han det, med naglar og hamar fester han det, so det ikkje skal stupa.Select Jeremiah 10:4

5Dei er som ei svarva trelurk, og kann ikkje tala. Ein lyt bera deim, for dei kann ikkje ganga. Ikkje ottast deim! for dei kann ikkje skada, og å ganga hev dei heller ikkje magt til.Select Jeremiah 10:5

6Ingen er din like, Herre! Du er stor, og namnet ditt er stort i velde.Select Jeremiah 10:6

7Kven skulde ikkje ottast deg, du folkekonge! For det sømer deg, for millom alle vise hjå folki og i heile deira rike er ingen din like.Select Jeremiah 10:7

8For alle saman er uvituge og vitlause; ei fåfengleg læra! Tre er det,Select Jeremiah 10:8

9sylvplator, førde frå Tarsis, gull frå Ufaz, eit verk av ein treskjerar og av gullsmed-hender. Klædnaden deira er av blått og raudt purpur, eit verk av hage kunstmenner er dei alle.Select Jeremiah 10:9

10Men Herren er Gud i sanning; han er ein livande Gud og ein æveleg konge. For hans vreide bivrar jordi, og folkeslagi herder ikkje å standa for hans harm.Select Jeremiah 10:10

11So skal de segja med deim: Dei gudar som ikkje hev gjort himmel og jord, dei skal kverva burt frå jordi og under himmelen.Select Jeremiah 10:11

12Han hev gjort jordi med si kraft, skapt heimen med sin visdom og spana ut himmelen med sitt vit.Select Jeremiah 10:12

13Når han let røysti si ljoma, svarar dyn av vatn i himmelen, og han let skodda stiga upp frå enden av jordi, let eldingar laga regn, og sender vind ut or gøymslorne sine.Select Jeremiah 10:13

14Klumsa stend kvar ein mann og hev ikkje vit på det, skjemmast lyt kvar ein gullsmed av sitt bilæte; for dei støypte bilæti hans er berre lygn, det er ingi ånd i deim.Select Jeremiah 10:14

15Dei er berre fåfengd, eit verk til å hæda; den tid dei vert heimsøkte, er det ute med deim.Select Jeremiah 10:15

16Jakobs arvlut er ikkje deim lik, for det er han som hev skapt alt, og Israel er hans odelsætt. Herren, allhers drott, er namnet hans.Select Jeremiah 10:16

17Sanka godset ditt utor landet, du lyd som sit umlægra!Select Jeremiah 10:17

18For so segjer Herren: Sjå, eg vil slengja burt deim som bur i landet denne gongen, og trengja deim so dei skal få kjenna det.Select Jeremiah 10:18

19Eie meg, kor sundbroten eg er! Ulækjande er mitt sår. Men eg segjer: «Dette er då ei liding som eg lyt bera.»Select Jeremiah 10:19

20Tjeldet mitt er øydelagt, og alle tjeldtogi mine er avslitne. Borni mine er frå meg farne og er ikkje lenger til, ingen er til som heretter kann reisa tjeldet mitt og festa upp tjelddukarne mine.Select Jeremiah 10:20

21For hyrdingarne var uvituge og søkte ikkje Herren. Difor for dei ikkje viseleg åt, og all hjordi deira vart spreidd.Select Jeremiah 10:21

22Høyr, ein ljom! sjå, det kjem, og ein stor dyn frå Norderlandet - for å gjera Juda-byarne til ei audn, til sjakal-bøle.Select Jeremiah 10:22

23Eg veit, Herre, at menneskja ikkje sjølv råder for sin veg, og at gangande mann ikkje hev magt til å styra sine stig.Select Jeremiah 10:23

24Refs meg, Herre, men med måte, ikkje i din vreide, so du ikkje skal gjera meg reint til inkjes.Select Jeremiah 10:24

25Renn harmen din ut yver heidningfolki som ikkje kjenner deg, og yver ætter som ikkje påkallar namnet ditt! For dei hev ete på Jakob, ja, ete honom upp og gjort ende på honom, og bustaden hans hev dei lagt i øyde.Select Jeremiah 10:25

Next: Jeremiah 11Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Jeremiah

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.