Skip to content
Church.wiki
Jeremiah

Jeremiah 11

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Det ordet som kom til Jeremia frå Herren; han sagde:Select Jeremiah 11:1

2Høyr ordi i denne pakti, og tala til Juda-mennerne og Jerusalems-buarne!Select Jeremiah 11:2

3Og du skal segja med deim: So segjer Herren, Israels Gud: Forbanna vere den mann som ikkje lyder på ordi i denne pakti,Select Jeremiah 11:3

4som eg baud federne dykkar den dagen eg let deim koma ut or Egyptarlandet, ut or jarnomnen, og sagde: Høyr på mi røyst og gjer alt dette, so som eg bed dykk, då skal de vera mitt folk, og eg vil vera dykkar Gud,Select Jeremiah 11:4

5so eg kann få halda den eiden som eg svor federne dykkar: å gjeva deim eit land som fløymer med mjølk og honning, so som det er enn i dag. Og eg svara og sagde: «Amen, Herre!»Select Jeremiah 11:5

6Og Herren sagde med meg: Ropa ut alle desse ordi i Juda-byarne og på Jerusalems-gatorne og seg: Lyd på ordi i denne pakti og gjer etter deim!Select Jeremiah 11:6

7For eg hev ålvorleg vara federne dykkar, då eg let deim koma ut or Egyptarlandet, og alt til denne dag, jamt og samt, og sagt: «Høyr på mi røyst!»Select Jeremiah 11:7

8Men dei lydde ikkje og lagde ikkje øyra sitt til, men kvar og ein ferdast etter sitt vonde, harde hjarta. So let eg då koma yver deim alt det eg hadde sagt i denne pakti, som eg baud deim å halda, men som dei ikkje heldt.Select Jeremiah 11:8

9Og Herren sagde med meg: Det er kome upp at Juda-mennerne og Jerusalems-buarne hev vore med kvarandre i ei samansverjing.Select Jeremiah 11:9

10Dei hev snutt tilbake til misgjerningarne åt forfederne sine, som ikkje vilde høyra på ordi mine, og dei fer etter andre gudar, for å tena deim. Israels hus og Judas hus hev brote pakti mi, som eg gjorde med federne deira.Select Jeremiah 11:10

11Difor, so segjer Herren: Sjå, eg let koma yver deim ei ulukka som dei ikkje kann koma seg undan. Då skal dei ropa på meg, men eg vil ikkje høyra på deim.Select Jeremiah 11:11

12So skal Juda-byarne og Jerusalems-buarne ganga og ropa på gudarne som dei plar brenna røykjelse for; men dei skal ikkje frelsa deim i deira trengsletid.Select Jeremiah 11:12

13For gudarne dine, Juda, er vortne like mange som byarne dine, og du hev reist like mange altar for skjemdi, altar til å brenna røykjelse på for Ba’al, som det er gator i Jerusalem.Select Jeremiah 11:13

14Og du, ikkje skal du beda for dette folket og ikkje koma med klagerop eller bøn for deim. For eg vil ikkje høyra når dei ropar til meg i si naud.Select Jeremiah 11:14

15Kva hev ho som eg elskar å gjera i mitt hus, ho som med mange gjer skjemdarverk? Kann heilagt offerkjøt fria deg? Når du gjer vondt, då fagnar du deg.Select Jeremiah 11:15

16«Eit sigrønt oljetre, prydt med fager frukt,» so kalla Herren deg; medan eit veldugt glam ljomar, kveikjer han eld på det, og greinerne brotnar av det.Select Jeremiah 11:16

17Og Herren, allhers drott, som planta deg, hev sagt illsegn imot deg for illgjerningi som Israels hus og Judas hus hev gjort til å harma meg upp, med å brenna røykjelse for Ba’al.Select Jeremiah 11:17

18Og Herren let meg få vita det, so no veit eg det; då synte du meg deira framferd.Select Jeremiah 11:18

19Men eg var som eit spakt lamb, som vert leidt til slagting, og eg visste ikkje at dei lagde løynderåder mot meg: «Lat oss øydeleggja treet og frukti og rydja honom ut or landet åt dei livande, so ein ikkje lenger kjem namnet hans i hug!»Select Jeremiah 11:19

20Men Herren, allhers drott, er ein rettferdig domar, han ransakar nyro og hjarta. Eg fær sjå at du hemner deg på deim, for eg hev lagt saki mi fram for deg.Select Jeremiah 11:20

21Difor, so segjer Herren um mennerne i Anatot, dei som ligg deg etter livet og segjer: «Du skal ikkje tala profetord i Herrens namn, annars skal du døy for vår hand,»Select Jeremiah 11:21

22- difor, so segjer Herren, allhers drott: Sjå, eg vil heimsøkja deim dei unge menner skal falla for sverd, deira søner og døtter skal døy av svolt.Select Jeremiah 11:22

23Og ikkje noko skal verta leivt åt deim; for eg sender ulukka på mennerne i Anatot det året dei vert heimsøkte.Select Jeremiah 11:23

Next: Jeremiah 12Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Jeremiah

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.