Skip to content
Church.wiki
Jeremiah

Jeremiah 14

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Herrens ord som kom til Jeremia um turketidi:Select Jeremiah 14:1

2Syrgjande ligg Juda, portarne ormegtast; syrgjeklædde luter dei mot jord, og naudropi stig upp frå Jerusalem.Select Jeremiah 14:2

3Storfolket deira sender sine undergjevne etter vatn; dei kjem til brunnarne, men finn inkje vatn; deira kjerald kjem tome attende. Dei kjenner seg skjemde og vonbrotne og sveiper inn sine hovud.Select Jeremiah 14:3

4For jordi skuld, som er forfærd vorti av di det ikkje vert regn i landet, kjenner bønderne seg skjemde, sveiper inn sine hovud.Select Jeremiah 14:4

5For jamvel hindi i marki ber kalven, men gjeng ifrå honom, for di det ikkje finst gras.Select Jeremiah 14:5

6Og villasni stend på snaude haugar, dei syp etter anden som sjakalar; augo deira kjenast upp, for di det ikkje finst urter.Select Jeremiah 14:6

7Um våre misgjerningar vitnar mot oss, so gjer då miskunn for ditt namn skuld! For mange er våre fråfall, mot deg hev me synda.Select Jeremiah 14:7

8Du Israels von, du frelsar i trengsletid! Kvi er du som ein framand i landet, og som ein ferdamann som tjeldar berre for natti?Select Jeremiah 14:8

9Kvi er du lik ein forstøkt mann, lik ei kjempa som ikkje vinn å hjelpa? Du er då midt ibland oss, Herre, og me er uppkalla etter ditt namn; slepp oss ikkje frå deg!Select Jeremiah 14:9

10So segjer Herren um dette folket: Soleis likar dei å reika um; dei sparer ikkje føterne sine. So hev då Herren ikkje hugnad i deim; no vil han minnast misgjerningarne deira og heimsøkja synderne deira.Select Jeremiah 14:10

11Og Herren sagde med meg: Du skal ikkje beda um velgang for dette folket.Select Jeremiah 14:11

12Når dei fastar, lyder eg ikkje på deira rop, og når dei ofrar brennoffer og grjonoffer, hev eg ikkje hugnad i deim, men med sverd, svolt og sott vil eg tyna deim.Select Jeremiah 14:12

13Då sagde eg: «Å, Herre, Herre, sjå profetarne segjer med deim: «De skal ikkje sjå sverd, og de ikkje verta ute for svolt, men fred med tryggje vil eg gjeva dykk på denne staden.»»Select Jeremiah 14:13

14Då sagde Herren med meg: Lygn spår profetarne i mitt namn; ikkje hev eg sendt deim og ikkje bede deim og ikkje tala til deim; lygn-syner og runing og fåfengd og sitt hjartans svik, det er det dei spår åt dykk.Select Jeremiah 14:14

15Difor, so segjer Herren um dei profetarne som spår i midt namn, endå eg ikkje hev sendt deim, og som segjer at sverd og svolt ikkje skal koma i dette landet: For sverd og svolt skal dei enda sine dagar, desse profetarne.Select Jeremiah 14:15

16Og folket som dei spår åt, skal liggja slengt på gatorne i Jerusalem, tynt av svolten og sverdet, og ingen skal jorda deim - dei sjølve, konorne deira og sønerne deira og døtterne deira - og eg vil renna vondska deira ut yver deim.Select Jeremiah 14:16

17Men du skal segja med deim dette ordet: Tårorne trillar or augo mine natt og dag og fær ikkje stogga; for møyi, dotteri, folket mitt, er ovleg sundbroti, hev fenge eit stort ulækjande sår.Select Jeremiah 14:17

18Gjeng eg ut på marki, sjå, då ligg der dei som med sverd er slegne, og kjem eg inn i byen, sjå, der talmast dei av svolt. Ja, både prest og profet lyt flakka um, til eit land som dei ikkje kjenner.Select Jeremiah 14:18

19Hev du då reint støytt Juda frå deg, eller styggjest di sjæl ved Sion? Kvi hev du slege oss so, at det ikkje bid helsebot for oss? Me ventar på fred, men det kjem ikkje noko godt, og på ei tid med helsebot, og sjå - fælske.Select Jeremiah 14:19

20Herre, me kjennest ved vår ugudlege åtferd, misgjerningi åt federne våre, at me hev synda mot deg.Select Jeremiah 14:20

21For ditt namn skuld støyt oss ikkje frå deg, lat ikkje din herlegdoms kongsstol verta svivyrd! Kom i hug, brjot ikkje di pakt med oss!Select Jeremiah 14:21

22Finst det nokon av dei fåfenglege gudarne åt heidningfolki som kann gjeva regn? Eller sender himmelen regnskurer av seg sjølv? Er det ikkje du, Herre, vår Gud? Me stundar på deg, for du hev gjort alt dette.Select Jeremiah 14:22

Next: Jeremiah 15Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Jeremiah

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.