Skip to content
Church.wiki
Jeremiah

Jeremiah 24

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Herren let meg sjå: Tvo korger med fikor var sette framfor Herrens tempel, då Nebukadressar, Babel-kongen, hadde fanga Jekonja Jojakimsson, Juda-kongen, og Juda-hovdingarne, og timbremennerne og smedarne, og ført deim frå Jerusalem til Babel.Select Jeremiah 24:1

2I den eine korgi var det fikor av beste slag, like dei fyrst mogne fikorne, men i den andre korgi fikor av låkaste slag, so låke at dei ikkje var etande.Select Jeremiah 24:2

3Då sagde Herren med meg: Kva ser du, Jeremia? Og eg svara: «Fikor; dei gode fikorne er av beste slag, men dei låke er av låkaste slag, so låke at dei ikkje er etande.»Select Jeremiah 24:3

4Då kom Herrens ord til meg; han sagde:Select Jeremiah 24:4

5So segjer Herren, Israels Gud: Likeins som med desse gode fikorne, soleis vil eg sjå på dei burtførde av Juda som eg hev sendt frå denne staden til Kaldæarlandet, til deira bate.Select Jeremiah 24:5

6Eg vil retta augo mine på deim til deira bate og lata dei venda attende til dette landet. Og eg vil byggja deim upp og ikkje riva deim ned att, og planta deim og ikkje rykkja deim upp att.Select Jeremiah 24:6

7Og eg vil gjeva deim hjarta til å kjenna meg, at eg er Herren. Og dei skal vera mitt folk, og eg vil vera deira Gud; for dei skal venda um til meg av alt sitt hjarta.Select Jeremiah 24:7

8Og likeins som med låke fikor som er so låke at dei ikkje er etande, - ja so segjer Herren - soleis vil eg gjera med Sidkia, Juda-kongen, og hovdingarne hans og leivningen av Jerusalem, dei som er att i dette landet, og dei som bur i Egyptarlandet.Select Jeremiah 24:8

9Og eg vil gjera deim til ei skræma og ein stygg for alle riki på jordi, til ei hæding og eit ordtøke, til ei spott og ei våbøn på alle dei stader som eg driv deim burt til.Select Jeremiah 24:9

10Og eg vil senda imot deim sverdet og svolten og sotti, til dei vert reint utrudde or landet som eg gav deim og federne deira.Select Jeremiah 24:10

Next: Jeremiah 25Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Jeremiah

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.