Skip to content
Church.wiki
Jeremiah

Jeremiah 43

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Men då Jeremia hadde tala til folket alle Herrens, deira Guds, ord, som Herren, deira Gud, hadde sendt honom med til deim - alle desse ordi,Select Jeremiah 43:1

2då sagde Azarja Hosajason og Johanan Kareahsson og alle dei ovmodige mennerne - dei sagde med Jeremia: «Det er lygn det du segjer; Herren, vår Gud, hev ikkje sendt deg og sagt: «De skal ikkje fara til Egyptarland og bu der.»Select Jeremiah 43:2

3Men Baruk Neriason eggjar deg upp imot oss, so me skal verta gjevne i henderne på kaldæarane, og dei skal drepa oss eller føra oss burt til Babel.»Select Jeremiah 43:3

4Og Johanan Kareahsson og alle herhovdingarne og alt folket vilde ikkje høyra på Herrens røyst og vera i Judalandet.Select Jeremiah 43:4

5Men Johanan Kareahsson og alle herhovdingarne tok alle som var leivde etter av Juda, som var komne tilbake frå alle folki som dei hadde vore burtdrivne til, og vilde bu i Judalandet,Select Jeremiah 43:5

6mennerne og kvinnorne og småborni og kongsdøtterne og kvart eit liv som Nebuzaradan, hovdingen for livvakti, hadde late vera att hjå Gedalja, son åt Ahikam Safansson, so og profeten Jeremia og Baruk Neriason,Select Jeremiah 43:6

7og for til Egyptarland, for dei høyrde ikkje på Herrens røyst. Og dei for til Tahpanhes.Select Jeremiah 43:7

8Og Herrens ord kom til Jeremia i Tahpanhes; han sagde:Select Jeremiah 43:8

9Tak deg nokre store steinar i handi og gøym deim i leiret i tiglsteinsleggjingi som er i inngangen til Faraos hus i Tahpanhes, framfor augo på menner frå Juda.Select Jeremiah 43:9

10Og du skal segja med deim: So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Sjå, eg sender og hentar tenaren min Nebukadressar, Babel-kongen, og set kongsstolen hans uppå desse steinarne som eg hev gøymt, og han skal breida sitt glimande tæpe utyver deim.Select Jeremiah 43:10

11Og han skal koma og slå Egyptarlandet; den som er etla åt dauden, lyt døy, den som er etla til fange, vert fange, og den som er etla åt sverdet, vert sverdslegen.Select Jeremiah 43:11

12Og eg vil kveikja eld på gudehusi i Egyptarland, og han skal brenna deim upp og føra gudarne burt. Og han skal sveipa Egyptarlandet um seg, likeins som hyrdingen sveiper kappa si um seg. Og sidan skal han fara derifrå i fred.Select Jeremiah 43:12

13Og han skal brjota sund sulorne i Bet-Semes, som er i Egyptarlandet, og gudehusi i Egyptarland skal han brenna upp med eld.Select Jeremiah 43:13

Next: Jeremiah 44Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Jeremiah

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.