Skip to content
Church.wiki
Job

Job 13

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Ja, allting hev mitt auga set og øyra høyrde og forstod;Select Job 13:1

2alt det de veit, det veit eg og; for dykk eg ei tilbake stend.Select Job 13:2

3Men eg til Allvalds Gud vil tala, med Gud eg vil til retten ganga;Select Job 13:3

4Men de vil dekkja til med lygn, er berre ugagnslækjarar.Select Job 13:4

5Å, gjev de vilde tegja still, so kunde det for visdom gjelda.Select Job 13:5

6Høyr på den skrapa eg vil gjeva, merk når mi lippa åtak gjer!Select Job 13:6

7Vil de forsvara Gud med lygn? Vil de hans sak med urett verja?Select Job 13:7

8Vil de for honom gjera mismun, og spela Guds sakførarar?Select Job 13:8

9Gjeng det dykk vel, når han dykk prøver? Kann de han narra som eit mennesk’?Select Job 13:9

10Han skal so visst dykk straffa strengt, um de slik mismunn gjer i løynd.Select Job 13:10

11Med høgdi si han skræmar dykk, hans rædsla yver dykk skal falla.Select Job 13:11

12Og dykkar kraft-ord vert til oska, og dykkar prov til blaute leir.Select Job 13:12

13Teg stilt, lat meg tala ut, so fær det gå meg som det kann!Select Job 13:13

14Kvi skuld’ eg ta mitt kjøt i tenner? Og halda livet mitt i handi?Select Job 13:14

15Han drep meg, ei eg ventar anna, mi ferd for han lik’vel eg hævdar.Select Job 13:15

16Men ogso det skal hjelpa meg; hjå han fær ingen urein møta.Select Job 13:16

17So høyr då det eg segja vil; lat meg for dykkar øyro tala!Select Job 13:17

18Eg saki hev til rettes lagt; eg skal få rett, det veit eg visst.Select Job 13:18

19Kven er det som med meg kann strida? Eg skulde tegja stilt og døy.Select Job 13:19

20Tvo ting må du spara meg for; då løyner eg meg ikkje for deg:Select Job 13:20

21Di hand lyt burt frå meg du taka, lat ei di rædsla skræma meg!Select Job 13:21

22Stemn meg so inn! eg stend til svars; eller eg talar og du svarar.Select Job 13:22

23Kor mange brot og synder hev eg? Seg meg mi misgjerd og mi synd!Select Job 13:23

24Kvifor vil du di åsyn løyna og for ein fiend’ halda meg?Select Job 13:24

25Vil eit burtblåse blad du skræma? Forfylgja du eit visna strå? -Select Job 13:25

26Når du idømer meg slik straff og let meg erva ungdoms synderSelect Job 13:26

27og legg i stokken mine føter, og vaktar alle mine vegar, slær krins um mine foteblad.Select Job 13:27

28Og det mot ein som morkna er, lik klædeplagg som mol et upp.Select Job 13:28

Next: Job 14Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Job

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.