Job 14
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Sjå - menneskjet, av kvinna født, det liver stutt, av uro mett.Select Job 14:1
2Som blom det sprett og visnar burt, ja, lik ein skugge burt det fer.Select Job 14:2
3Men du med honom auga held, og meg du dreg for domen din.Select Job 14:3
4Skal tru det av ein urein kjem ein som er rein? Nei, ikkje ein!Select Job 14:4
5Når dagetalet hans er sett, hans månads-tal sett fast hjå deg, når du for han ei grensa drog som ei han yverskrida kann,Select Job 14:5
6so snu deg frå, lat han få fred og ha sin dag som leigekaren!Select Job 14:6
7For treet er det endå von; um det vert det hogge, sprett det att, på renningar det vantar ikkje.Select Job 14:7
8Når røterne i jordi eldest, og stomnen døyr i turre mold,Select Job 14:8
9ved dåm av vatnet skyt det knupp, fær som ein stikling grøne greiner.Select Job 14:9
10Men døyr ein mann, då ligg han der; han andast, og kvar er han då?Select Job 14:10
11Som vatnet renn ut or ein sjø, som elvi minkar, turkast ut,Select Job 14:11
12so ligg ein mann, ris ikkje upp; til himmeln kverv, dei vaknar ikkje; ein kann ’kje vekkja deim or svevnen.Select Job 14:12
13Å, gjev du gøymde meg i helheim, løynde meg, til din vreide gav seg, gav meg ein frest, og so meg hugsa!Select Job 14:13
14Tru mannen døyr og livnar att? I all min strid eg skulde vona og venta til avløysing kom.Select Job 14:14
15Eg skulde svara, når du ropa og lengta mot dine eige verk.Select Job 14:15
16Men no du tel kvart stig eg tek og agtar vel på syndi mi;Select Job 14:16
17mi synd er læst i pungen inn, og på mi skuld du gøymer vel!Select Job 14:17
18Som fjellet fell og smuldrast burt, og berget frå sin stad vert flutt,Select Job 14:18
19Som vatnet holar steinen ut, og flaumen skolar moldi burt, so tek du ifrå mannen voniSelect Job 14:19
20og tyngjer honom ned for alltid. Han fer av stad; med åsyn rengd du sender honom burt frå deg.Select Job 14:20
21Han veit ’kje um hans born vert heidra; han merkar ikkje um dei armast;Select Job 14:21
22Hans eigen kropp hans liding valdar, og sjæli græt for eigi sorg.»Select Job 14:22
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain