Skip to content
Church.wiki
Job

Job 16

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Då svara Job og sagde:Select Job 16:1

2«Eg hev høyrt nok av dette slag; d’er brysam trøyst de alle gjev.Select Job 16:2

3Vert det ’kje slutt på tome ord? Kva er det som til svar deg driv?Select Job 16:3

4Eg skulde tala liksom de, i fall de var i staden min; eg sette ord i hop mot dykk, eg riste hovudet mot dykk;Select Job 16:4

5eg skulde trøysta dykk med munnen og lindra dykk med lippemedynk.Select Job 16:5

6Men tale lindrar ei min verk, og ikkje kverv han um eg tegjer.Select Job 16:6

7Men no hev han meg trøytta ut, du hev øydt ut min heile huslyd.Select Job 16:7

8Du klemde meg, til vitne vart det, mi liding reiste seg imot meg og vitna mot meg beint i syni.Select Job 16:8

9Hans vreide reiv og elte meg; han gnistra tennerne imot meg; fiendar kveste augo på megSelect Job 16:9

10og opna munnen sin imot meg og slo mi kinn med skjemdarslag og stima saman imot meg.Select Job 16:10

11Til farkar Gud meg yverlet og kastar meg i brotsmenns vald.Select Job 16:11

12Midt i min fred han skræmde meg, treiv meg i nakken, krasa meg, til skiva sette han meg upp.Select Job 16:12

13Hans pilar svirrar kringum meg; bønlaust han kløyver mine nyro, mitt gall han tømer ut på jordi.Select Job 16:13

14Han bryt meg sund med brot på brot og stormar mot meg som ei kjempa.Select Job 16:14

15Sekk hev eg sytt um hudi mi og stukke hornet mitt i moldi.Select Job 16:15

16Raudt er mitt andlit utav gråt, og myrkret tyngjer augneloki,Select Job 16:16

17endå mi hand er rein for vald, og bøni mi er fri for svik.Select Job 16:17

18Løyn ikkje blodet mitt, du jord! Legg ikkje klaga mi til kvile!Select Job 16:18

19Alt no mitt vitne er i himmeln, min målsmann i det høge bur.Select Job 16:19

20Når mine vener spottar meg; til Gud eg tårut auga vender.Select Job 16:20

21Han døme millom Gud og mann og millom mannen og hans ven.Select Job 16:21

22Og ikkje mange år det vert fyrr eg gjeng burt og kjem ’kje att.Select Job 16:22

Next: Job 17Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Job

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.