Job 18
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Då tok Bildad frå Suah til ords og sagde:Select Job 18:1
2«Kor lenge driv de jagt på ord? Gjev gaum, lat oss so talast ved!Select Job 18:2
3Kvi skal me reknast liksom fe, som ureine i dykkar augo?Select Job 18:3
4Å, du som riv deg sund i sinne, skal jordi øydast for di skuld? Skal fjellet flytjast frå sin stad?Select Job 18:4
5Men sløkt vert ljoset for den vonde, og hans åre-eld skal ikkje skina.Select Job 18:5
6I tjeldet hans vert ljoset myrkt, og lampa sloknar yver han.Select Job 18:6
7Hans sterke stig vert snævra inn; han snåvar yver sine planar.Select Job 18:7
8Hans fot vert fløkt i garnet inn, og upp i netet ferdast han;Select Job 18:8
9og snara triv um hælen hans, og gildra tek på honom fat.Select Job 18:9
10I jordi løynde gildror lurer, og fellor ventar på hans veg.Select Job 18:10
11Og rædslor trugar rundt ikring og skræmer han for kvart eit stig.Select Job 18:11
12Ulukka hungrar etter han, og vondt vil føra han til fall,Select Job 18:12
13vil eta kvar ein led og lem, ja, det vil daudens eldste son.Select Job 18:13
14Hans trygd er rivi frå hans tjeld; du sender han til rædsle-kongen.Select Job 18:14
15I huset hans bur framande, det vert strått svåvel på hans bustad.Select Job 18:15
16Hans rot i grunnen turkar ut; den høge kruna visnar burt.Select Job 18:16
17Hans minne kverv frå jordi burt, og namnlaus vert han vidt og breidt.Select Job 18:17
18Frå ljos til myrker driv dei honom og jagar han frå landi burt.Select Job 18:18
19Han barnlaus vert i eige folk; i heimen hans slepp ingen undan.Select Job 18:19
20Og vestmenn støkk for dagen hans, og austmenn vert av rædsla slegne.Select Job 18:20
21Just soleis gjeng det nidings hus, den heim der ingen kjenner Gud.»Select Job 18:21
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain