Skip to content
Church.wiki
Job

Job 21

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Då svara Job og sagde:Select Job 21:1

2«Å høyr då, høyr på mine ord! Gjev i minsto det til trøyst!Select Job 21:2

3Lat meg få lov å tala ut, so kann du spotta etterpå.Select Job 21:3

4Klagar eg vel på menneskje? Og hev eg ikkje grunn til harm?Select Job 21:4

5Vend dykk til meg, og ottast so; legg handi so på dykkar munn.Select Job 21:5

6Eg støkk, når eg det kjem i hug; ei bivring gjenom kroppen gjeng.Select Job 21:6

7Kvifor fær dei gudlause liva, auka i magt som åri gjeng?Select Job 21:7

8Dei ser si ætt stå fast ikring deim, dei hev sitt avkjøme for augo.Select Job 21:8

9I fred stend husi deira trygge, Guds svipa råkar ikkje deim;Select Job 21:9

10med heppa parast deira fe, og kyrne kastar aldri kalv.Select Job 21:10

11Dei slepper borni ut som lamb, og gutarne i leiken hoppar;Select Job 21:11

12Dei syng til trumma og til cither og frygdar seg ved fløyteljod.Select Job 21:12

13I lukka liver dei si tid og fer so brått til helheim ned.Select Job 21:13

14Til Gud dei segjer: «Haldt deg burte!» Me vil ’kje kjenna dine vegar!Select Job 21:14

15Kvi skal me tena den Allsterke? Kva gagnar det å be til honom?»Select Job 21:15

16«Dei hev ’kje lukka si i handi» - Langt burt frå meg med gudlaus råd!Select Job 21:16

17Når sloknar lampa for gudlause? Når kjem ulukka yver deim? Gjev han deim straff i vreidesmod?Select Job 21:17

18Fer dei vel burt som strå for vind, lik agner som i stormen fyk?Select Job 21:18

19«Gud gøymer straffi til hans born.» Nei, sjølv skal mannen straffi kjenna!Select Job 21:19

20Lat han få sjå sitt eige fall og drikka harm frå den Allsterke!Select Job 21:20

21Kva bryr han seg vel um sitt hus, når månadstalet hans er fullt?Select Job 21:21

22Vil nokon hjelpa Gud til kunnskap, han som er domar for dei høgste?Select Job 21:22

23Den eine døyr på velmagts høgd, fullkomleg trygg og fredeleg;Select Job 21:23

24hans fat er fulle utav mjølk, og i hans bein er mergen frisk;Select Job 21:24

25den andre døyr so beisk i hug, hev ingenting av lukka smaka.Select Job 21:25

26Dei båe vert i moldi lagde, og deira klednad makkar er.Select Job 21:26

27Sjå kor eg kjennar dykkar tankar, og dykkar meinkrokar mot meg.Select Job 21:27

28De spør: «Kvar er vel stormannshuset? Kvar er det tjeld der gudlause bur?»Select Job 21:28

29Hev de ’kje høyrt av ferdafolk - de trur vel det som dei fortel -:Select Job 21:29

30«Den vonde frå ulukka slepp; han berga vert på vreidedagen.Select Job 21:30

31Kven lastar honom for hans ferd? Og straffar honom for hans gjerd?Select Job 21:31

32Han vert til gravi båren burt, og ved hans gravhaug held dei vakt.Select Job 21:32

33Søtt søv han under torv i dal, og i hans far all verdi fer, som tallause gjekk fyre honom.Select Job 21:33

34Det trøystar meg med tome ord; av dykkar svar er sviket att.»Select Job 21:34

Next: Job 22Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Job

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.