Job 22
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Då tok Elifaz frå Teman til ords og sagde:Select Job 22:1
2«Er mannen vel til gagn for Gud? Nei, vitug mann seg sjølv mun gagna.Select Job 22:2
3Hev Allvald bate av di rettferd? Er det hans vinst, at rett du ferdast?Select Job 22:3
4Er det din gudlegdom han refser, når han med deg held rettargang?Select Job 22:4
5Hev ei din vondskap vore stor og dine syndar utan ende?Select Job 22:5
6Grunnlaust du panta dine brøder; halvnakne drog du klædi av;Select Job 22:6
7den trøytte gav du ikkje vatn, den svoltne negta du ditt brød.Select Job 22:7
8Det er den sterke som eig landet, den stolte hev si bustad der.Select Job 22:8
9Du jaga enkjor burt tomhendt’ burt, slo armen av på faderlause.Select Job 22:9
10Difor ligg snaror kringum deg, og rædsla skræmer deg so brått.Select Job 22:10
11Ell’ vert du ikkje myrkret var, den flaum som fossar yver deg?Select Job 22:11
12Bur ikkje Gud i himmelhøgd, sjå øvste stjernor, høgt dei sit!Select Job 22:12
13Du segjer so: «Kva veit vel Gud? Kann attum skyerne han døma?Select Job 22:13
14For skyer dimmer augo hans; han hev sin gang på himmelkvelven.»Select Job 22:14
15Seg, vil du fylgja fortids-vegen, den stig som illverksmenner gjekk?Select Job 22:15
16Dei som i utid tekne vart - og deira grunn flaut burt i flaum -Select Job 22:16
17som sagde til Gud: «Haldt du deg burte!» Kva skulde Allvald vel deim gjera?Select Job 22:17
18Endå han signa deira hus - langt burt frå meg med gudlaus råd!Select Job 22:18
19Rettvise folk det såg med gleda, og den skuldlause spotta deim:Select Job 22:19
20«Fiendarn’ våre gjekk til grunns! Sjå elden øydde det dei leivde!»Select Job 22:20
21Vert ven med honom, og få fred! So skal og lukka timast deg.Select Job 22:21
22Og tak so lærdom av hans munn, og legg deg ordi hans på hjarta!Select Job 22:22
23Vend um til Allvald, då du byggjest og jagar syndi frå ditt tjeld.Select Job 22:23
24Kast gullet ditt i moldi ned - Ofir-gull millom bekkjesteinar.Select Job 22:24
25Allvald skal vera då ditt gull og haugar utav sylv for deg.Select Job 22:25
26Då skal du frygda deg i Allvald, di åsyn lyfta upp til Gud.Select Job 22:26
27Og når du ropar, vil han høyra, so du kann halda det du lovar.Select Job 22:27
28Det du deg etlar, skal du vinna, og ljos skal skina på din veg.Select Job 22:28
29Gjeng vegen ned, du ropar: «Upp!» Han hjelpar den bljug-øygde mann.Select Job 22:29
30Ja, ikkje-skuldfri mann han bergar, frelst vert han ved di reine hand.»Select Job 22:30
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain