Skip to content
Church.wiki
Job

Job 26

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Då svara Job og sagde:Select Job 26:1

2Kvar helst hev du den veike hjelpt? Når studde du den trøytte arm?Select Job 26:2

3Kvar gav du uklok mann ei råd? Kor ovleg visdom hev du synt?Select Job 26:3

4Kven hev du bore melding til? Kva ånd hev tala gjenom deg?Select Job 26:4

5Skuggarne i angest skjelva, vatsdjup og dei som deri bur.Select Job 26:5

6Helheimen open ligg for honom, avgrunnen utan noko dekkje.Select Job 26:6

7Nordheimen han i audni spana, og hengde jordi yver inkje.Select Job 26:7

8Han vatnet inn i skyer bind; og skyi brest ei under det.Select Job 26:8

9Kongsstolen sin han gøymer burt og breider skyer yver honom.Select Job 26:9

10Kring vatni han ei grensa set, der som ljos og myrker byta skal.Select Job 26:10

11Stolparne under himmelen skjelv, og rædde vert dei for hans trugsmål.Select Job 26:11

12Han rører havet upp med velde, og med sit vit han krasar ubeist.Select Job 26:12

13Og himmelen klårnar ved hans ande; hans hand den snøgge ormen drap.Select Job 26:13

14Sjå her utkanten av hans veg; det berre kviskring er me høyrer. Kven skynar, når hans allmagt torar?Select Job 26:14

Next: Job 27Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Job

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.