Job 27
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Job heldt fram med talen sin og sagde:Select Job 27:1
2«So sant Gud liver, som meg sveik, og Allvalds som meg volde sorgSelect Job 27:2
3- for endå eg min ande dreg; i nosi mi er guddomspust -:Select Job 27:3
4Urett ligg ei på mine lippor; mi tunga talar ikkje svik.Select Job 27:4
5D’er langt frå meg å gje’ dykk rett, mi uskyld held eg fast til dauden.Select Job 27:5
6Mi rettferd held eg fast uskjepla, eg ingen dag treng skjemmast ved.Select Job 27:6
7Min fiend’ skal seg syna gudlaus, min motstandar som urettferdig.Select Job 27:7
8Kva von hev en gudlaus att, når Gud vil sjæli or han draga?Select Job 27:8
9Vil Gud vel høyra skriket hans, når trengsla bryt innyver honom?Select Job 27:9
10Kann han i Allvald vel seg gleda? Kann han kvar tid påkalla Gud?Select Job 27:10
11Eg um Guds hand vil læra dykk; kva Allvald vil, det dyl eg ikkje.Select Job 27:11
12Sjå dette hev det alle set; kvi talar de då tome ord?Select Job 27:12
13Den lut fær gudlause av Gud, den arven valdsmann fær av Allvald.Select Job 27:13
14Til sverdet veks hans søner upp; hans avkom mettast ei med brød;Select Job 27:14
15dei siste legst i grav ved pest, og enkjorne held ingi klaga.Select Job 27:15
16Og um han dyngjer sylv som dust og samlar klæde liksom leir:Select Job 27:16
17Den rettvise tek klædi på; skuldlause skifter sylvet hans.Select Job 27:17
18Han byggjer huset sitt som molen, likt hytta vaktmannen set upp.Select Job 27:18
19Rik legg han seg - men aldri meir; han opnar augo - og er burte.Select Job 27:19
20Som vatsflaum rædsla honom tek, ved natt riv stormen honom burt.Select Job 27:20
21Han driv av stad for austanvind, som blæs han frå hans heimstad burt.Select Job 27:21
22Han utan miskunn på han skyt; frå handi hans han røma må.Select Job 27:22
23Med hender klappar dei åt han og pip han frå hans heimstad burt.Select Job 27:23
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain