Skip to content
Church.wiki
Job

Job 29

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Då heldt Job fram med talen sin og sagde:Select Job 29:1

2«Å, var eg som i fordums måna’r, som den gong Gud mi verja var,Select Job 29:2

3då yver meg hans lampa skein, som lyste meg i myrkret fram,Select Job 29:3

4slik som eg var i mogne manndom, då Gud var ven i huset mitt,Select Job 29:4

5då Allvald endå med meg var, og mine born eg kring meg såg,Select Job 29:5

6då eg i fløyte foten tvådde, og olje rann av fjellet nær meg,Select Job 29:6

7då eg til porten steig i byen, og sessen min på torget tok!Select Job 29:7

8Ungdomen såg meg, løynde seg; dei gamle reiste seg og stod;Select Job 29:8

9hovdingar stogga midt i talen og lagde handi på sin munn;Select Job 29:9

10og røysti tagna hjå dei gjæve, og tunga seg til gomen kleimde;Select Job 29:10

11dei som meg høyrde, sælka meg, og dei som såg meg, vitna for meg.Select Job 29:11

12Eg berga arming når han ropa, og farlaus som var utan hjelp;Select Job 29:12

13velsigning fekk eg frå forkomne, og enkjor fekk eg til å jubla.Select Job 29:13

14Rettferd var min, eg hennar bunad; rett var mi kappa og mi kruna.Select Job 29:14

15Eg for den blinde auga var, og føter var eg for den halte.Select Job 29:15

16Ein far eg var for fatigfolk; eg for ukjende saki granska.Select Job 29:16

17På brotsmann tennerne eg knekte, reiv fengdi utor gapet hans.Select Job 29:17

18Eg sagde: «I reiret skal eg døy, med dagar talrike som sand.Select Job 29:18

19Til roti mi skal vatnet trengja, dogg bu ved natt på greini mi;Select Job 29:19

20mi æra held seg frisk hjå meg, bogen vert ny handi mi.»Select Job 29:20

21Dei høyrde ventande på meg, og lydde stilt på rådi mi.Select Job 29:21

22Og ikkje la dei mot mitt ord, min tale draup ned yver deim.Select Job 29:22

23På meg dei bia som på regn, ja, som vårregn opna munnen.Select Job 29:23

24Eg smilte til mismodige, mitt andlit fekk dei ikkje myrkt.Select Job 29:24

25Når eg deim vitja, sat eg fremst, sat som ein konge i sin herflokk, lik ein som trøystar syrgjande.Select Job 29:25

Next: Job 30Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Job

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.