Job 3
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Då let Job upp munnen og banna fødedagen sin.Select Job 3:1
2Job tok til ords og sagde:Select Job 3:2
3«Burt med den dag då eg vart fødd, den natt som sa: «Ein svein er avla!»Select Job 3:3
4Må denne dag til myrker verta - burtgløymd av Gud i høge himmel - og inkje ljos på honom skina!Select Job 3:4
5Lat svarte myrkret honom eiga og skyer seg kring honom samla! Dagmyrkjingar skal honom skræmaSelect Job 3:5
6og myrkret gløypa denne natt! Burt med den natt frå årsens dagar, ho kome ei i månads tal!Select Job 3:6
7Ja, aud og tom skal natti verta og ingen fagnad i ho klinga;Select Job 3:7
8Dagbannarar skal henne banna, dei som kann mana upp Livjatan,Select Job 3:8
9Og morgonstjernor skal ’kje skina; fåfengt ho venta skal på ljoset - augbrunerne av morgonroden -Select Job 3:9
10av di ho ei livsdøri stengde på mor mi, so eg slapp for kval.Select Job 3:10
11Kvi døydd’ eg ei i moders liv? Ell’ slokna då eg rett var fødd?Select Job 3:11
12Kvi fanst det kne som mot meg tok; og brjost eg kunde suga ved?Select Job 3:12
13So låg eg still og kvilde no, eg sov og hadde ro og fredSelect Job 3:13
14hjå kongar og hjå fyrstar, som til gravstad pyramider bygde,Select Job 3:14
15hjå hovdingar som åtte gull og fyllte sine hus med sylv;Select Job 3:15
16ell’ ufødd var eg ikkje til, lik born som aldri ljoset såg.Select Job 3:16
17Der rasar ei dei vonde meir; der kviler dei som trøytte er;Select Job 3:17
18og fangarne er trygge der; dei høyrer ingen drivar meir.Select Job 3:18
19Der stor og liten like er, og trælen fri for herren sin.Select Job 3:19
20Kvi gjev han ljos til den som lid, og liv til deim som gremmer seg,Select Job 3:20
21som fåfengt stundar etter dauden, og søkjer han som løynde skatt,Select Job 3:21
22som gled seg, ja, som jublar høgt, og fegnast når dei finn ei grav -Select Job 3:22
23til mannen som ei finn sin veg, som Gud set fast og stengjer inne?Select Job 3:23
24Min sukk hev vorte daglegt brød, og klaga mi som vatnet strøymar.Select Job 3:24
25Meg råkar det eg ottast fyre; det som eg ræddast, hender meg.Select Job 3:25
26Snaudt fær eg fred, snaudt fær eg ro, snaudt lindring - so kjem uro att.»Select Job 3:26
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain