Job 31
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Med augo hev eg gjort ei pakt; eg skal ’kje skygna etter møy.Select Job 31:1
2Kva gav meg elles Gud der uppe? Kva arv gav Allvald frå det høge?Select Job 31:2
3Kjem ikkje udådsmann i naud? Og illgjersmenn i ulukka?Select Job 31:3
4Ser ikkje han på mine vegar? Tel ikkje han kvart stig eg gjeng?Select Job 31:4
5Dersom eg fram med fals hev fare, og foten sprunge etter svikSelect Job 31:5
6- Gud vege meg på rettferds vegt, so han kann sjå eg skuldlaus er! -Select Job 31:6
7Veik mine stig frå vegen av, hev hjarta etter augo gjenge, var det ein flekk på mine hender,Select Job 31:7
8so gjev ein annan et mitt såd, og riv mi planting upp med rot!Select Job 31:8
9Let eg min hug av kvinna dåra, sneik eg til grannens dør meg fram,Select Job 31:9
10so lat mitt viv åt andre mala, og andre yver ho seg bøygje!Select Job 31:10
11For dette er ei skjemdarferd, eit brot som dom og straff fortener,Select Job 31:11
12ein eld som eta vil til avgrunns og øydeleggja all mi eiga.Select Job 31:12
13Vanvyrd’ eg retten åt min træl og trælkvinna i trætta med deim?Select Job 31:13
14- Kva gjord’ eg då, når Gud reis upp? Kva svara eg, når han meg klaga?Select Job 31:14
15Dei er som meg i morsliv skapte; ein forma oss i moderfang -Select Job 31:15
16Um eg sagde nei når arming bad, og let enkja gråtande gå burt,Select Job 31:16
17hev eg mitt brød åleine ete, so farlaus inkje fekk ein bit,Select Job 31:17
18- nei, far for han eg var frå yngdi, frå morsliv var eg hennar førar -Select Job 31:18
19Såg eg ein stakar utan klæde, ein fatig utan yverplagg,Select Job 31:19
20og so hans lender ei meg signa, og ei mi saueull han vermde,Select Job 31:20
21hev eg mot farlaus handi lyft, av di eg medhald fekk i retten:Select Job 31:21
22Let herdi mi or led då losna, og armen brotna frå sitt bein!Select Job 31:22
23For eg var ovleg rædd Guds straff, eg magtlaus stod framfor hans velde.Select Job 31:23
24Um eg mi lit til gullet sette, og voni til det fine gull,Select Job 31:24
25Gledde eg meg ved auka rikdom, og alt eg vann meg med mi hand,Select Job 31:25
26såg eg på ljoset når det stråla, på månen der han skreid i glans,Select Job 31:26
27vart hjarta mitt i løyndom dåra, so kyss på hand til deim eg sende,Select Job 31:27
28so var det og straffande brot, då neitta eg min Gud der uppe.Select Job 31:28
29Hev eg meg gledt ved uvens uferd, og jubla når han kom i skade,Select Job 31:29
30- men eg let ikkje munnen synda og banna honom ifrå livet -Select Job 31:30
31hev ei mitt husfolk stendigt sagt: «Kven gjekk vel svolten frå hans bord?»Select Job 31:31
32- Eg let ’kje framand natta ute; for ferdamann eg opna døri -Select Job 31:32
33hev eg som Adam dult mi synd, og løynt mi misgjerd i min barm,Select Job 31:33
34di eg var rædd den store hop og ottast spott frå ættefrendar, so stilt eg heldt meg innum dører?Select Job 31:34
35Å, vilde nokon høyra på meg! Sjå her er underskrifti mi, lat berre Allvald svara meg! Fekk eg den skrift min motpart skreiv,Select Job 31:35
36den skulde eg på oksli bera og binda på meg som ein kransSelect Job 31:36
37eg melde honom kvart mitt stig, og som ein hovding møta honom.Select Job 31:37
38Dersom min åker klagar meg, og um plogforerne lyt gråta,Select Job 31:38
39åt eg hans grøda ubetalt, tok livet eg av eigarmannen:Select Job 31:39
40Lat då for kveite klunger gro, og ugras der eg sådde bygg!» Her endar Jobs tale.Select Job 31:40
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain