Skip to content
Church.wiki
Job

Job 32

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Dei tri mennerne svara ikkje Job meir, av di han heldt seg sjølv for rettferdig.Select Job 32:1

2Men då loga harmen upp hjå Elihu, son åt Barak’el, buziten, av Rams-ætti. Han vart harm på Job, av di han heldt seg sjølv rettferdigare enn Gud.Select Job 32:2

3Han harmast og på dei tri venerne, av di dei ikkje kunde finna noko svar, og endå dømde Job skuldig.Select Job 32:3

4For Elihu hadde venta med å tala til Job, av di dei andre var eldre enn han;Select Job 32:4

5men då Elihu såg at dei tri mennerne ikkje hadde noko å svara, vart han brennande harm.Select Job 32:5

6Og Elihu, son åt Barak’el, buziten, tok til ords og sagde: «Ung er eg etter år å rekna; de derimot er gamle menn. Difor eg blygdest og var rædd å segja til dykk det eg veit.Select Job 32:6

7Eg tenkte: «Åri tala lyt og alderen forkynna visdom.»Select Job 32:7

8Nei, ånd lyt til hjå menneski; og Allvalds ande gjev deim vit.Select Job 32:8

9Dei gamle er ’kje alltid vise, kvithærde veit ’kje stødt det rette.Select Job 32:9

10Difor eg segjer: Høyr på meg; eg vil og segja det eg veit.Select Job 32:10

11Eg venta hev på dykkar ord og lydde vel på dykkar lærdom, alt med de leita etter ord.Select Job 32:11

12Og eg gav nøgje agt på dykk, men ingen sagde Job imot, ingen av dykk gav honom svar.Select Job 32:12

13Seg ikkje: «Visdom der me fann; Gud slå han ned, folk kann det ikkje.»Select Job 32:13

14Han hev ’kje tala imot meg, og ei med dykkar ord eg svarar.Select Job 32:14

15Dei er forstøkte, svarar ikkje, dei vantar ord å føra fram.Select Job 32:15

16Treng eg vel venta når dei tegjer og stend der reint forutan svar?Select Job 32:16

17Eg vil og svara, eg for meg, eg vil og segja det eg veit.Select Job 32:17

18For eg er full av ord til svars; i bringa sprengjer åndi på.Select Job 32:18

19Mitt indre er som innstengd vin, lik nye vinhit vil det sprengjast.Select Job 32:19

20Eg tala vil so eg fær luft, vil opna lipporne og svara.Select Job 32:20

21Eg ikkje tek parti for nokon og smeikjer ei for nokor mann;Select Job 32:21

22å smeikja kann eg ikkje med; min skapar elles burt meg reiv.Select Job 32:22

Next: Job 33Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Job

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.