Skip to content
Church.wiki
Job

Job 33

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Men høyr no, Job, på talen min, lyd vel på alle mine ord!Select Job 33:1

2Sjå eg hev opna mine lippor, og tunga talar i min munn.Select Job 33:2

3Frå ærlegt hjarta kjem min tale, rein kunnskap lipporne ber fram.Select Job 33:3

4Guds ånd er det som meg hev skapt, og Allvalds ande gjev meg liv.Select Job 33:4

5Um du det kann, so gjev meg svar! Væpna deg mot meg, og stig fram!Select Job 33:5

6Eg er din likemann for Gud, eg og av leiret forma er.Select Job 33:6

7Du tarv ’kje vera rædd for meg, min trykk skal ikkje tyngja deg.Select Job 33:7

8Men du hev sagt for øyro mine - eg høyrde ljoden av ditt ord -:Select Job 33:8

9«Eg skuldfri er og utan synd, eg flekkfri er og utan skuld;Select Job 33:9

10men han fører uvensgrunnar mot meg og held meg for sin fiendsmann;Select Job 33:10

11han legg i stokken mine føter og vaktar alle mine vegar.»Select Job 33:11

12Men du hev urett, svarar eg; Gud større er enn menneskja.Select Job 33:12

13Men kvifor vil du klaga på han: Han aldri svarar i sin sak?Select Job 33:13

14På eit vis talar Gud, ja tvo, um enn dei ikkje agtar på det.Select Job 33:14

15I draumar og i syn ved natt, når tunge svevnen fell på folk, når dei på lægjet ligg og blundar,Select Job 33:15

16då let han øyro upp på folk, og innsiglar åtvaring til deim,Select Job 33:16

17for burt frå synd å driva mannen, og rydja ovmod ut or honomSelect Job 33:17

18og berga sjæli hans frå gravi og livet hans frå spjotodd-daude.Select Job 33:18

19Han tuktast og med sjukelægje, med stendig uro inn til beini,Select Job 33:19

20hans liv fær mothug imot brød, og sjæli hans mot lostemat.Select Job 33:20

21Hans misser holdet, vert usjåleg, og beini morknar, syner ikkje,Select Job 33:21

22og sjæli ned mot gravi lutar, hans liv mot daude-englarne.Select Job 33:22

23Er det då yver han ein engel, ein millommann, ein utav tusund, som lærer mannen um hans plikt,Select Job 33:23

24Han ynkast yver han og segjer: «Frels honom frå i grav å ganga! Eg hev ei løysepening funne.»Select Job 33:24

25Hans likam skal av helsa bløma, sin ungdom skal han atter få.Select Job 33:25

26Han bed til Gud og nåde fær, so han hans åsyn ser med jubel. Og so fær mannen att si rettferd.Select Job 33:26

27Han syng for folk og segjer so: «Eg synda hev og krenkt det rette, men hev ’kje fenge lika for det;Select Job 33:27

28mi sjæl frå gravi berga han, med gleda fær eg ljoset sjå.»Select Job 33:28

29Og sjå: alt dette gjerer Gud tvo gonger, ja tri gong’ mot mannen,Select Job 33:29

30og ber hans sjæl frå gravi burt, so livsens ljos kann lysa for han.Select Job 33:30

31So gjev no gaum og høyr meg, Job, ver tagall du, so eg kann tala!Select Job 33:31

32Um du hev ord, so gjev meg svar! Tala, eg gjev deg gjerne rett.Select Job 33:32

33I anna fall so høyr på meg, teg medan eg deg visdom lærer!»Select Job 33:33

Next: Job 34Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Job

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.