Job 34
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Og Elihu tok til ords og sagde:Select Job 34:1
2«Vismenner, høyr på ordi mine! Kunnige folk, lyd no på meg!Select Job 34:2
3For ordi prøver ein med øyro, som ein med gomen maten smakar.Select Job 34:3
4So lat oss no det rette velja og saman finna ut det gode!Select Job 34:4
5For Job hev sagt: «Eg skuldfri er; min rett hev Gud ifrå meg teke;Select Job 34:5
6tråss i min rett, stend eg som ljugar, uskuldig fekk eg ulivssår.»Select Job 34:6
7Finst det vel nokon mann som Job? som gløyper hædings ord som vatn,Select Job 34:7
8som held med illgjerdsmenner lag, hev umgang med gudlause folk?Select Job 34:8
9For han hev sagt: «Kva gagnar det ein mann å vera ven med Gud?»Select Job 34:9
10Difor, de menn med vit, høyr meg! D’er langt frå Gud å vera gudlaus, frå Allvalds-Gud å gjera urett.Select Job 34:10
11Han løner mannen for hans gjerd, fer med han etter all hans ferd.Select Job 34:11
12Nei, urettferdig er ’kje Gud, og Allvald krenkjer ikkje retten.Select Job 34:12
13Kven let vel honom styra jordi? Og kven hev grunna jordheims-kringen?Select Job 34:13
14Um han på seg åleine tenkte og drog sin ande til seg att,Select Job 34:14
15då gjekk alt livande til grunns, og menneskja vart atter mold.Select Job 34:15
16Um du er klok, so høyr på dette, og lyd på ljoden av mitt ord!Select Job 34:16
17Kann ein som hatar retten, styra? Fordømer du den allrettvise?Select Job 34:17
18Kann ein til kongen segja: «Niding!» Og til dei megtige: «Du brotsmann?»Select Job 34:18
19Til han som ei gjer skil på fyrstar, og ikkje vyrder rik mot fatig. Av di hans hand hev skapt deim alle?Select Job 34:19
20Dei andast brått og midt um natti, eit folk avjagast og kverv burt, stormenn forgjengst i hjelpeløysa.Select Job 34:20
21Hans augo ser til mannsens ferd, han skodar kvart eit stig han tek;Select Job 34:21
22det finst ’kje skugge eller myrker der illgjerdsmenn kann løyna seg.Select Job 34:22
23Han tarv ’kje lenge sjå på mannen fyrr han lyt møta Gud til doms.Select Job 34:23
24Han utan forhøyr storfolk krasar og andre set i deira stad.Select Job 34:24
25Han kjennar heile deira verk og gjev um natti deim til tyning.Select Job 34:25
26Han tuktar deim som illgjerdsmenner, ein stad der alle kann det sjå,Select Job 34:26
27dei som hev vike burt frå han og ikkje hev hans vegar fylgt -Select Job 34:27
28so han kann høyra armods klaga og jammerskrik frå undertrykte.Select Job 34:28
29Fær han det stilt, kven vil fordøma? Løyner han seg - kven kann då sjå han? - for folkemugen og for mannen,Select Job 34:29
30so ikkje gudlaus mann skal råda og vera snaror yver folket.Select Job 34:30
31For segjer ein vel so til Gud: «Ovmodigt hev eg bore meg; eg vil ikkje lenger vera vond.Select Job 34:31
32Vis du meg det eg ikkje ser! hev eg gjort synd, vil eg snu um?»Select Job 34:32
33Skal han då straffa som du tykkjer? D’er du som er den misnøgde; so lyt du velja, ikkje eg; og du fær segja det du veit.Select Job 34:33
34Dei kloke folk vil segja til meg, og kvar ein vismann som meg høyrer:Select Job 34:34
35«Job talar ikkje med forstand hans ord er utan ettertanke.»Select Job 34:35
36Gjev Job må allstødt verta prøvd for sine svar på nidings vis!Select Job 34:36
37For han legg brotsverk til si synd og ber seg vyrdlaust millom oss, og talar mange ord mot Gud.»Select Job 34:37
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain