Job 36
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Og Elihu heldt fram og sagde:Select Job 36:1
2«Vent litt og lat meg tala til deg! For endå hev eg ord for Gud;Select Job 36:2
3eg hentar kunnskap langan leid, skal hjelpa skaparen til rett.Select Job 36:3
4For visst, mitt ord skal ikkje ljuga; framfor deg stend ein full-lærd mann.Select Job 36:4
5Sjå, Gud er sterk, men vander ingen, han som er veldug i forstandskraft.Select Job 36:5
6Han let ’kje gudlaus mann få liva; men armingarne gjev han rett.Select Job 36:6
7Han snur ’kje augo frå rettvise; hjå kongar på sin konungsstol han let deim ævleg sitja høgt.Select Job 36:7
8Um dei i lekkjor bundne vart og i ulukkesnaror fanga,Select Job 36:8
9so synar han deim deira ferd og brot - at dei ovmoda seg -Select Job 36:9
10til refsing opnar øyro deira og byd deim venda um frå syndi.Select Job 36:10
11Um dei då høyrer vil og lyda, so liver dei sitt liv i lukka og sine år i herlegdom;Select Job 36:11
12um ikkje, fær dei styng av spjotet, og i sin dårskap andast dei.Select Job 36:12
13Men vreiden trivst i vonde hjarto; dei bed ’kje, um dei bundne vert;Select Job 36:13
14i ungdomstidi skal dei døy, forgangast som utukt-sveinar.Select Job 36:14
15Han frelser arming ved hans naud, opnar hans øyro gjenom trengsla.Select Job 36:15
16Deg og han lokkar ut or trengsla, fritt fær du det og ikkje trongt, ditt bord er fullt av feite retter.Select Job 36:16
17Men fær du straff som syndug mann, i fall hans domsord held deg fast.Select Job 36:17
18Lat ikkje tukti avla vreide, den tunge bot deg leida vilt!Select Job 36:18
19Kann klaga hjelpa deg or naud, kor mykje enn du stræva vil?Select Job 36:19
20Du må ’kje lengta etter natti då folk vert rykte frå sin stad!Select Job 36:20
21Gjev agt, so ei til synd du vender, for det du heller vil enn lida.Select Job 36:21
22Sjå, Gud er upphøgd i sitt velde; kven er ein lærar slik som han?Select Job 36:22
23Kven hev vel vegen lagt for honom? Kven sagde vel: «Du hev urett gjort?»Select Job 36:23
24Hugs på å prisa høgt hans verk, som menneski hev sunge um!Select Job 36:24
25Kvart menneskje med lyst det ser, mann-ætti ser det langan leid.Select Job 36:25
26Upphøgd, uskynande er Gud, hans liveår kann ingen telja,Select Job 36:26
27for han dreg vatsdroparne, so det vert regn av skodde-eim.Select Job 36:27
28Og ifrå skyerne det fløymer og dryp ned yver mange folk.Select Job 36:28
29Kven skynar vel skyhoparne og torebraket frå hans hytta?Select Job 36:29
30Han breider ljoset sitt ikring seg og let det hylja havsens røter.Select Job 36:30
31Soleis han dømer folkeslag og skiftar brød i ovmengd ut.Select Job 36:31
32Han sveiper henderne i ljos og sender det mot fienden.Select Job 36:32
33Hans tora meldar um hans koma, ja, feet varslar når han kjem.Select Job 36:33
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain