Skip to content
Church.wiki
Job

Job 38

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Og Herren svara Job or stormen og sagde:Select Job 38:1

2«Kven er det som gjer rådgjerd myrk med ord som reint er utan skyn?Select Job 38:2

3Spenn som ein mann ditt belte på, gjev meg på mine spursmål svar.Select Job 38:3

4Kvar var du då eg grunna jordi? Seg fram, i fall du greida hev!Select Job 38:4

5Kven sette måli - veit du det? - Og spana målsnor yver henne?Select Job 38:5

6Kvar vart pelaran’ sette ned? Kven la vel hennar hyrnestein,Select Job 38:6

7med alle morgonstjernor kvad, gudssønerne av gleda song?Select Job 38:7

8Kven stengde havet inn med dører, då det braut ut or moderfang?Select Job 38:8

9Då eg det skyer gav til klæde og myrkeskodd til sveip åt detSelect Job 38:9

10då eg for det ei grensa sette og trygga ho med port og bomSelect Job 38:10

11og sagde: «Hit og ikkje lenger! Di byrge bylgja stogge her!»Select Job 38:11

12Baud du vel dagsprett nokon gong? Gav du morgonroden stad,Select Job 38:12

13so femner kringum ytste jordi, so syndaran’ vart riste av?Select Job 38:13

14Då tek ho form som leir for segl, og all stend greinlegt som ein klædnad.Select Job 38:14

15Då misser gudlause sitt ljos, den arm som lyfte seg, vert knekt.Select Job 38:15

16Kom du til havsens kjeldor fram, hev du på avgrunns-botnen gjenge?Select Job 38:16

17Hev daude-portarn’ vist seg for deg? Ja, såg du daudeskuggens portar?Select Job 38:17

18Og hev du vel jordviddi set? Kjenner du alt i hop, seg fram!Select Job 38:18

19Kvar finn ein veg dit ljoset bur? Og kvar hev myrkret heimen sin?Select Job 38:19

20So du kann henta deim til grensa og vita veg til deira hus.Select Job 38:20

21Du veit det, du vart fødd den gong, og dagetalet ditt er stort.Select Job 38:21

22Kom du dit snøen uppspard ligg? Og såg du forrådshus for haglet,Select Job 38:22

23som eg til trengsle-tidi gøymer, til dagarne med kamp og krig?Select Job 38:23

24Kva veg tru ljoset deiler seg, austanvinden spreider seg på jordi?Select Job 38:24

25Kven laga renna vel for regnet og brøytte veg for torestrålen,Select Job 38:25

26so væta kjem til aude land, til øydemark der ingen bur,Select Job 38:26

27til kveikjing for den nakne heid, so gras kann gro der fyrr var bert?Select Job 38:27

28Skal tru um regnet hev ein far? Kven avlar vel doggdroparne?Select Job 38:28

29Kva moderliv kom isen or? Kven avla rim i himmelrømd,Select Job 38:29

30når vatnet hardnar liksom stein, når havflata stivnar til?Select Job 38:30

31Bind du vel bandet um Sjustjerna? Løyser du lekkjet av Orion?Select Job 38:31

32Set du rett tid for dyreringen? Og driv du Bjørnen og hans ungar?Select Job 38:32

33Kjenner du himmelleverne? Gav du han yver jordi magt?Select Job 38:33

34Kann røysti di til skyi nå, so vatnet fløymer yver deg?Select Job 38:34

35Byd du vel ljoni fara ut, so dei deg svarar: «Her er me?»Select Job 38:35

36Kven la i myrke skyer visdom? Kven gav forstand til hildringi?Select Job 38:36

37Kven tel med visdom skyerne? Kven tømer himmelfati ut,Select Job 38:37

38når turre mold vert samanrend, jordklumpar kleimer seg i hop?Select Job 38:38

Next: Job 39Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Job

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.