Job 39
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Gjeng du for løva etter rov og gjev ungløvor deira mette,Select Job 39:1
2medan dei gøymer seg i holor og ligg på lur i busk og kjørr?Select Job 39:2
3Kven yter ramnen føda hans, når upp til Gud hans ungar ropar og flakkar kringum utan mat?Select Job 39:3
4Steingeiti, veit du når ho kidar? Vaktar du riderne åt hindi?Select Job 39:4
5Tel måna’rne dei gjeng med unge, og kjenner du deira fødetid?Select Job 39:5
6Dei bøygjer seg, fø’r sine ungar, so er det slutt med deira rider.Select Job 39:6
7På marki kidi veks seg store, spring burt og kjem ’kje att til deim.Select Job 39:7
8Kven let villasnet renna fritt, tok bandet av det skjerre dyr,Select Job 39:8
9som eg gav øydemark til heim, den salte steppa til ein bustad?Select Job 39:9
10Det lær åt byen med sitt ståk, slepp høyra skjenn frå drivaren.Select Job 39:10
11Det finn seg beite millom fjell, og leitar upp kvart grøne strå.Select Job 39:11
12Skal tru villuksen vil deg tena, og natta yver ved di krubba?Select Job 39:12
13Kann du til fori honom tøyma, horvar han dalar etter deg?Select Job 39:13
14Lit du på honom for hans styrke? Og yverlet du han ditt arbeid?Select Job 39:14
15Trur du han til å føra grøda heim og draga henne inn i løda?Select Job 39:15
16Struss-hoa flaksar kåt med vengen, men viser fjør og veng morskjærleik?Select Job 39:16
17Nei, ho legg sine egg på jordi, og let so sanden verma deim;Select Job 39:17
18ho gløymer at ein fot kann treda og villdyr trakka deim i kras.Select Job 39:18
19Hardt fer ho åt med sine ungar, som var dei ikkje hennar eigne; for fåfengt stræv ho ikkje ræddast.Select Job 39:19
20For Gud let henne gløyma visdom, han ei tiletla henne vit.Select Job 39:20
21Men når ho baskar seg i veg, ho lær åt både hest og mann.Select Job 39:21
22Skal tru um du gjev hesten kraft og klæder halsen hans med mån?Select Job 39:22
23Let du han som grashoppen springa alt med han frøser skræmeleg.Select Job 39:23
24Glad i si kraft han marki skrapar og fer so fram mot væpna flokk.Select Job 39:24
25Han urædd er og lær åt rædsla, for sverdet ei han vender um,Select Job 39:25
26det skranglar pilhus yver honom, det blenkjer spjot til styng og skot.Select Job 39:26
27Med ståk og bråk han slukar jordi, ustyrleg når stridsluren gjeng.Select Job 39:27
28Han kneggjar: «Hui!» når luren læt, han verar striden langan leid, med skrik frå hovdingar og herrop!Select Job 39:28
29Flyg hauken upp ved ditt forstand og spilar vengjerne mot sud?Select Job 39:29
30Stig ørnen høgt av di du byd, og byggjer reiret sitt i høgdi? Han bur på berg og held seg der, på kvasse tind og høge nut. Derfrå han spæjar etter mat, hans augo yver viddi skodar. Hans ungar gløypar i seg blod; der det finst lik, der er han og.» Og Herren svara Job og sagde: «Vil klandraren med Allvald trætta? Lat han som lastar Gud då svara!» Då svara Job Herren og sagde: «For ring eg er; kva skal eg svara? Eg handi legg på munnen min. Ein gong eg tala, no eg tegjer, tvo gong’ - eg gjer det ikkje meir.»Select Job 39:30
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain