Skip to content
Church.wiki
Job

Job 4

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Då tok Elifaz frå Teman til ords og sagde:Select Job 4:1

2«Vert du vel tykkjen um eg talar? Men kven kann halda ordi inne?Select Job 4:2

3På rette veg du førde mange; dei trøytte hender styrkte du;Select Job 4:3

4med ord du hjelpte deim som snåva, og gav dei veike knei kraft.Select Job 4:4

5Men når det gjeld deg sjølv, du klagar; når deg det råkar, ræddast du!Select Job 4:5

6Di von du på di gudstru bygde og sette lit til last-laust liv.Select Job 4:6

7Tenk etter: Når vart skuldlaus tynt? Når gjekk rettvis mann til grunns?Select Job 4:7

8Stødt fann eg: dei som urett pløgde, og sådde naud, dei hausta slikt;Select Job 4:8

9dei stupte for Guds andedrag, gjekk for hans vreidestorm til grunns.Select Job 4:9

10Ja, løva skrik, og villdyr burar; ungløva fær sin tanngard knekt;Select Job 4:10

11og løva døyr av skort på rov; løvinna misser sine ungar.Select Job 4:11

12Ein løynleg tale til meg kom; i øyra mitt det stilt vart kviskra,Select Job 4:12

13som tankar i eit nattsyn kjem, når svevnen tung på folki kviler.Select Job 4:13

14Det kom ei rædsla yver meg, ei skjelving gjenom alle lemer;Select Job 4:14

15ein gust meg yver panna strauk, og på min kropp seg håri reiste;Select Job 4:15

16og noko stogga for mi åsyn; eg kunde ikkje klårt skilja; framfor mitt auga stod eit bilæt’, eg høyrde som ei røyst som kviskra:Select Job 4:16

17«Hev menneskjet vel rett for Gud? Er mannen rein framfor sin skapar?Select Job 4:17

18Han sine tenarar ei trur og finn hjå sine englar lyte -Select Job 4:18

19enn meir hjå folk i hus av leir; hjå deim som hev sin grunn i moldi, ein kann deim krasa, som eit mol.Select Job 4:19

20Dei er frå morgon og til kveld; ein krasar deim - kven merkar det? - Og dei vert ikkje funne meir.Select Job 4:20

21Når deira tjeldsnor vert rykt upp, dei døyr og ingen visdom fær.»Select Job 4:21

Next: Job 5Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Job

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.