Job 41
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Ingen torer eggja honom; kven kann då mot meg reisa?Select Job 41:1
2Kven gav meg, so eg gjev att? Under himmeln alt eg eig.Select Job 41:2
3Ei eg tegjer um hans lemer, um hans sterke, væne bygnad.Select Job 41:3
4Kven hev drege brynja av han, Gjenge inn i duble tanngard?Select Job 41:4
5Kven hev opna kjakeporten? Rædsla kring hans tenner ligg.Select Job 41:5
6Sterke er hans skjolde-rader, feste med ei fast forsigling.Select Job 41:6
7Tett dei ligg innåt kvarandre, ingi luft slepp millom deim.Select Job 41:7
8Eine skjolden i den andre heng i hop, skilst ikkje åt.Select Job 41:8
9Ljos ifrå hans njosing strålar, augo skin som morgonroden.Select Job 41:9
10Or hans gap skyt brandar fram, gneistar sprutar derifrå.Select Job 41:10
11Or hans nasar stig det røyk, liksom eim or kjel som kokar.Select Job 41:11
12Anden hans set eld på kol, logen ut or gapet stend.Select Job 41:12
13I hans nakke styrken bur, rædsla spring framfor hans åsyn.Select Job 41:13
14Tette sit kjøtvalkarne, støypte fast urikkelg.Select Job 41:14
15Hjarta hans er hardt som stein, fast som understein i kverni.Select Job 41:15
16Kjempor ræddast når han ris, misser både mod og hugs;Select Job 41:16
17Sverd vil ikkje bita på, ikkje skot med spjot og pil.Select Job 41:17
18Jarn agtar han liksom strå, kopar nett som fauskeved.Select Job 41:18
19Ei han vik for bogesonen; stein frå slyngja vert som halm,Select Job 41:19
20og stridsklubba vert som strå, og han lær åt spjot som susar.Select Job 41:20
21Under han er kvasse broddar, spor dei set som treskjeslede.Select Job 41:21
22Djupet kokar som ei gryta, sjøen som ein salvekjel.Select Job 41:22
23Vegen lyser etter honom, djupet skin som sylverhår.Select Job 41:23
24Liken hans på jord ei finst, denne skapning utan ræddhug.Select Job 41:24
25Han ser ned på alt som høgt er, konge yver alle kaute.»Select Job 41:25
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain