Skip to content
Church.wiki
Job

Job 7

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Ja, mannen hev ein strid på jordi; hans dagar gjeng som leigedagar.Select Job 7:1

2Som trælen lengtar etter skugge, og leigekar på løni ventar,Select Job 7:2

3so fekk eg månader av vonbrot og næter fulle utav møda.Select Job 7:3

4Eg segjer når eg gjeng til kvile: «Når skal eg atter standa upp?» Og kvelden vert so lang, so lang: Eg ligg uroleg alt til dagsprett.Select Job 7:4

5Og makk og sår min likam dekkjer, og hudi skorpnar og bryt upp att.Select Job 7:5

6Mi tid fer snøggar’ enn ein skutel, og ho kverv utan nokor von.Select Job 7:6

7Hugs på: mitt liv er som ein pust; mitt auga ser ’kje lukka meir.Select Job 7:7

8Snart er eg løynd for alle augo; du fåfengt stirer etter meg.Select Job 7:8

9Som skyi framum fer og kverv, so ingen att frå helheim vender,Select Job 7:9

10snur ei attende til sitt hus; hans heimstad kjenner han ’kje meir.Select Job 7:10

11Difor vil ’kje munnen stagga, men tala i min djupe hugverk og klaga i mi sjælenaud.Select Job 7:11

12Er eg eit hav, er eg ein drake, med di du vaktar so på meg?Select Job 7:12

13Eg tenkjer: «Lægjet skal meg lindra, og sengi letta suti mi» -Select Job 7:13

14då skræmer du meg upp med draumar, og støkkjer meg med ville syner,Select Job 7:14

15so at eg heller ville kjøvast, ja døy, enn vera slik ei beingrind.Select Job 7:15

16D’er nok! Eg liver ikkje æveleg; Haldt upp! Mitt liv er som ein pust.Select Job 7:16

17Kva er ein mann, at du han vyrder og retter tanken din på honom,Select Job 7:17

18heimsøkjer honom kvar ein morgon, ransakar honom kvar ei stund?Select Job 7:18

19Når tek du frå meg auga ditt? Meg slepper med eg svelgjar råken?Select Job 7:19

20Hev eg gjort synd, kva gjer eg deg, du som på mannen vaktar stødt? Kvi hev du meg til skiva valt? So eg hev vorte meg ei byrd?Select Job 7:20

21Kvi gjev du ikkje syndi til? Kvi ansar du på mine brot? No sig eg snart i moldi ned; og leitar du, so er eg burte.»Select Job 7:21

Next: Job 8Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Job

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.