Job 8
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Då tok Bildad frå Suah til ords og sagde:Select Job 8:1
2«Kor lenge vil du tala so og lata ordi storma fram?Select Job 8:2
3Kann Gud vel rengja det som rett er? Kann Allvalds-Gud vel rengja rettferd?Select Job 8:3
4Hev dine søner synda mot han, gav han deim deira synd i vald.Select Job 8:4
5Um du søkja til din Gud, og beda Allvalds-Gud um nåde,Select Job 8:5
6er du då rein og utan svik, då vil han vakna upp for deg og reisa nytt ditt rettferdshus,Select Job 8:6
7Um og di fortid vesall var, so mykje større vert di framtid.Select Job 8:7
8Ja, spør deg for hjå farne ætter, agt på kva federne fann ut.Select Job 8:8
9- Me inkje veit, er frå i går; vårt liv ein skugge er på jordi -Select Job 8:9
10dei skal deg læra, gjeva svar med ord ifrå sitt hjartedjup:Select Job 8:10
11«Veks sevet vel på turre land? Trivst storren der som vatnet vantar?Select Job 8:11
12Enn stend det grønt, vert ikkje skore, då visnar det fyrr anna gras.»Select Job 8:12
13So gjeng det deim som gløymer Gud; og voni glepp for gudlaus mann.Select Job 8:13
14Hans tillit sunderskori vert, hans tiltru vert til kongurvev;Select Job 8:14
15Det hus han styd seg til, det dett; det som han triv til, stend ’kje fast.Select Job 8:15
16Han saftfull veks, med soli skin; hans greiner yver hagen heng,Select Job 8:16
17og roti kring steinrøysar smett, og smyg seg inn imillom steinar.Select Job 8:17
18Men vert han riven frå sin stad, so hugsar staden han ei meir.Select Job 8:18
19Sjå det er gleda på hans veg; or moldi skyt ein annan fram.Select Job 8:19
20Men Gud vanvyrder ei den reine; dei vonde tek han ei i handi.Select Job 8:20
21Han enn din munn med lått skal fylla og lipporne med gledesong;Select Job 8:21
22men skammi klæda skal din fiend’; gudløysetjeld finst ikkje meir.»Select Job 8:22
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain