John 11
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Det var ein som låg sjuk, Lasarus frå Betania, den vesle byen som Maria og Marta, syster hennar, budde i.Select John 11:1
2Maria var den som salva Herren med myrrasalve, og turka føterne hans med håret sitt; og det var bror hennar, Lasarus, som låg sjuk.Select John 11:2
3Systerne sende då bod til honom med dei ordi: «Herre, han som du hev so kjær, ligg sjuk!»Select John 11:3
4Då Jesus høyrde det, sagde han: «Den sotti er ’kje nokor helsott, men ho er til Guds æra; Guds son skal få æra av det.»Select John 11:4
5Jesus heldt mykje av Marta og syster hennar og Lasarus.Select John 11:5
6Då han no høyrde at Lasarus låg sjuk, drygde han endå tvo dagar på den staden han var;Select John 11:6
7då fyrst sagde han til læresveinarne sine: «Kom, lat oss fara til Judæa att!»Select John 11:7
8«Rabbi,» sagde læresveinarne, «nyst vilde jødarne steina deg, og so fer du dit att!»Select John 11:8
9«Er det ’kje tolv timar i dagen?» svara Jesus; «den som gjeng um dagen, snåvar ikkje; for han ser ljoset åt denne verdi;Select John 11:9
10men den som gjeng um natti, han snåvar, av di han ikkje hev ljoset i seg.»Select John 11:10
11So tala han, og um eit bil segjer han til deim: «Lasarus, venen vår, hev sovna; men no gjeng eg av og vekkjer honom.»Select John 11:11
12«Herre, hev han sovna, so vert han nok god att,» sagde læresveinarne.Select John 11:12
13Jesus hadde meint at han var slokna; men dei tenkte han tala um vanleg svevn.Select John 11:13
14Då sagde Jesus reint ut: «Lasarus hev slokna!Select John 11:14
15Og for dykkar skuld er eg glad at eg ikkje var der, so de kann koma til å tru. Men kom, lat oss ganga til honom!»Select John 11:15
16Tomas - han som me kallar Didymus - sagde då til dei andre læresveinarne: «Lat oss ganga med, so me kann døy med honom!»Select John 11:16
17Då Jesus kom fram, fekk han vita at Lasarus alt hadde lege fire dagar i gravi.Select John 11:17
18Betania låg ikkje langt frå Jerusalem, berre ein fjordung på lag,Select John 11:18
19og mange jødar var komne til Marta og Maria, og vilde trøysta dei i sorgi yver broren.Select John 11:19
20Då no Marta høyrde at Jesus kom, gjekk ho til møtes med honom; men Maria sat heime.Select John 11:20
21Då sagde Marta til Jesus: «Herre, hadde du vore her, so hadde ikkje bror min døytt.Select John 11:21
22Men eg veit kor som er, at alt det du bed Gud um, det vil Gud gjeva deg.»Select John 11:22
23Jesus segjer til henne: «Bror din skal standa upp att.»Select John 11:23
24«Eg veit at han skal standa upp att når alle stend upp, på den siste dag,» svara Marta.Select John 11:24
25Då sagde Jesus til henne: «Eg er uppstoda og livet! Den som trur på meg, skal liva, um han so døyr,Select John 11:25
26og kvar den som liver og trur på meg, skal i all æva ikkje døy. Trur du det?»Select John 11:26
27«Ja, Herre,» svara ho, «eg hev trutt, og trur, at du er Messias, Guds son, han som skulde koma til verdi.»Select John 11:27
28Med so sagt gjekk ho av ’stad og kalla på Maria, syster si, og sagde til henne i løynd: «Meisteren er her og spør etter deg.»Select John 11:28
29Då ho høyrde det, reiste ho seg snøgt og gjekk ut til honom.Select John 11:29
30Jesus hadde endå ikkje kome inn i byen; han var endå på den staden der Marta hadde møtt honom.Select John 11:30
31Då jødarne som var heime hjå Maria og trøysta henne, såg at ho brått reiste seg og gjekk ut, fylgde dei etter henne; dei tenkte ho gjekk ut til gravi og vilde gråta der.Select John 11:31
32Som no Maria kom dit som Jesus var og fekk sjå honom, kasta ho seg ned for føterne hans og sagde: «Herre, hadde du vore her, so hadde ikkje bror min døytt.»Select John 11:32
33Då Jesus såg at ho gret, og at jødarne som hadde fylgt henne gret, vart han harm i hugen og øste seg upp og sagde:Select John 11:33
34«Kvar hev de lagt honom?» - «Kom og sjå, Herre!» svara dei.Select John 11:34
35Jesus gret.Select John 11:35
36Då sagde jødarne: «Sjå kor kjær han hadde honom!»Select John 11:36
37Og sume av deim sagde: «Kunde ikkje han som opna augo på den blinde, ha gjort det so at denne mannen ikkje hadde døytt?»Select John 11:37
38Då vart Jesus på nytt harm inni seg og gjekk burt til gravi; det var ein heller, og det låg ein stein attfyre.Select John 11:38
39«Tak steinen ifrå!» segjer Jesus. Då segjer Marta, syster åt den avlidne: «Herre, det tevjar alt av honom, for han hev lege der på fjorde dagen!»Select John 11:39
40Jesus segjer til henne: «Sagde eg deg ikkje at dersom du trur, skal du få sjå Guds herlegdom!»Select John 11:40
41So tok dei steinen ifrå. Og Jesus lyfte augo mot himmelen og sagde: «Fader! eg takkar deg for di du hev høyrt meg!Select John 11:41
42Eg visste nok at du alltid høyrer meg; men for folket skuld som stend her kringum, segjer eg dette, so dei skal tru at det er du som hev sendt meg.»Select John 11:42
43Då han det hadde sagt, ropa han med høg røyst: «Lasarus, kom ut!»Select John 11:43
44Ut kom den daude, med føterne og henderne sveipte i lindar, og med ein sveiteduk bunden kring andlitet. «Løys honom, so han fær ganga!» sagde Jesus til deim.Select John 11:44
45Mange av jødarne, alle dei som var komne til Maria og hadde set det han gjorde, trudde då på honom.Select John 11:45
46Nokre av deim gjekk til farisæarane og sagde deim kva Jesus hadde gjort.Select John 11:46
47Då kalla øvsteprestarne og farisæarane det Høge Rådet i hop til eit møte og sagde: «Kva skal me gjera? Denne mannen gjer mange teikn!Select John 11:47
48Let me honom få halda på soleis, kjem alle til å tru på honom, og då kjem romarane og tek både landet og folket vårt.»Select John 11:48
49Og ein av deim, Kajafas - han var øvsteprest det året - sagde til deim:Select John 11:49
50«De veit ingen ting! Ikkje heller tenkjer de på at det er til bate for dykk at ein mann døyr for landslyden, so ikkje heile folket gjeng til grunns.»Select John 11:50
51Det sagde han ikkje av seg sjølv, men av di han var øvsteprest det året, var ordi hans ein spådom um at Jesus skulde døy for folket,Select John 11:51
52og ikkje berre for folket, men at han og skulde samla i hop til eitt Guds born som er spreidde ikring.Select John 11:52
53Frå den dagen lagde dei upp råd um å drepa honom.Select John 11:53
54Difor gjekk ikkje Jesus lenger fritt ikring millom jødarne, men for derifrå til dei bygderne som ligg tett med øydemarki, til ein by som heiter Efraim; der heldt han til eit bil med læresveinarne sine.Select John 11:54
55No leid det nær til påskehelgi åt jødarne, og mange for frå bygderne upp til Jerusalem fyre påske og skulde helga seg.Select John 11:55
56Då leita dei etter Jesus, og sagde seg imillom med dei stod i templet: «Kva tenkjer de? Kjem han slett ikkje til høgtidi?»Select John 11:56
57Men øvsteprestarne og farisæarane hadde gjeve påbod um at dersom nokon fekk vita kvar han var, skulde han segja frå, so dei kunde gripa honom.Select John 11:57
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation