John 12
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Seks dagar fyre påske kom Jesus til Betania, der Lasarus budde, han som Jesus hadde vekt upp frå dei daude.Select John 12:1
2Der gjorde dei eit gjestebod for honom; Marta stelte for deim, og Lasarus var ein av deim som sat til bords med honom.Select John 12:2
3Då tok Maria eit pund egte, dyr nardesalve og salva føterne åt Jesus, og turka føterne hans med håret sitt; og huset vart fullt av salveangen.Select John 12:3
4So segjer Judas Iskariot, ein av læresveinarne hans, han som sidan sveik honom:Select John 12:4
5«Kvi vart ikkje denne salven seld for eit halvt hundrad dalar, og gjeven til fatigfolk?»Select John 12:5
6Det sagde han ikkje av umsut for dei fatige, men av di han var ein tjuv; det var han som hadde kassa, og han tok jamleg av det som vart lagt ned der.Select John 12:6
7Då sagde Jesus: «Lat henne vera i fred! Det er som ho skulde ha gøymt det til jordferdsdagen min.Select John 12:7
8For dei fatige hev de alltid hjå dykk, men meg hev de ikkje alltid.»Select John 12:8
9No fekk ei stor mengd av jødarne vita at han var der, og dei kom, ikkje berre for Jesu skuld, men og for å sjå Lasarus, som han hadde vekt upp frå dei daude.Select John 12:9
10Då lagde øvsteprestarne upp råd um å drepa Lasarus og;Select John 12:10
11for mange av jødarne gjekk for hans skuld dit og kom til å tru på Jesus.Select John 12:11
12Dagen etter spurdest det bland den store folkehopen som var komen til høgtidi, at Jesus var på veg til Jerusalem.Select John 12:12
13Då tok dei palmekvister og gjekk til møtes med honom og ropa: «Hosianna! Velsigna vere han som kjem i Herrens namn, Israels konge!»Select John 12:13
14Jesus fann seg eit ungt asen og sette seg på det, so som skrive stend:Select John 12:14
15«Ottast ikkje, Sions dotter! Sjå, her kjem din konung ridand’ sit uppå ein asenfole.»Select John 12:15
16I fyrstninga skyna ikkje læresveinarne dette; men då Jesus var herleggjord, då kom dei i hug at dette var skrive um honom, og at dei hadde gjort det so for honom.Select John 12:16
17Folkehopen som var med honom, vitna at han hadde ropa Lasarus ut or gravi og vekt honom upp frå dei daude.Select John 12:17
18Difor var det og folket kom imot honom; for dei hadde høyrt at han hadde gjort det teiknet.Select John 12:18
19Då sagde farisæarane seg imillom: «Der ser de: det nyttar dykk inkje; heile verdi flyg etter honom!»Select John 12:19
20Det var nokre grækarar der, av deim som jamleg for upp og tilbad på høgtidi;Select John 12:20
21dei kom til Filip, han frå Betsaida i Galilæa, og bad honom: «Gode herre, me vilde so gjerne få sjå Jesus!»Select John 12:21
22Filip gjeng og segjer det med Andreas, og Andreas og Filip kjem og segjer det med Jesus.Select John 12:22
23Jesus svara deim so: «Timen er komen då Menneskjesonen skal herleggjerast!Select John 12:23
24Det segjer eg dykk for visst og sant: Fell ikkje kveitekornet i jordi og døyr, so er det og vert det berre eitt korn; men døyr det, gjev det stor grøda!Select John 12:24
25Den som elskar livet sitt, misser det, og den som hatar livet sitt i denne verdi, skal berga det til eit ævelegt liv.Select John 12:25
26Um nokon tener meg, so lyt han fylgja meg, og der som eg er, der skal tenaren min og vera; den som tener meg, honom skal Faderen æra.Select John 12:26
27No er sjæli mi full av uro, og kva skal eg segja? «Fader, frels meg frå denne stundi!» Men nei, difor er det eg hev nått til denne stundi -Select John 12:27
28Fader, herleggjer namnet ditt!» Då kom det ei røyst frå himmelen: «Både hev eg herleggjort det og skal eg på nytt herleggjera det.»Select John 12:28
29Folket som stod der og høyrde det, sagde at tora hadde slege. Andre sagde: «Det var ein engel som tala til honom.Select John 12:29
30Då tok Jesus til ords og sagde: «Det var ’kje for mi skuld denne røysti kom, men for dykkar skuld.Select John 12:30
31No gjeng det dom yver denne verdi; no skal hovdingen yver denne verdi kastast ut.Select John 12:31
32Og når eg vert lyft upp frå jordi, skal eg draga alle åt meg.»Select John 12:32
33Det sagde han for å syna kva slag avferd han skulde få.Select John 12:33
34Folket svara: «Me hev høyrt av lovi at Messias liver æveleg; korleis hev det seg då at du segjer Menneskjesonen skal lyftast upp? Kven er denne Menneskjesonen?»Select John 12:34
35Då sagde Jesus til deim: Endå ei liti stund er ljoset ibland dykk. Gakk so lenge de hev ljoset, so ikkje myrkret skal koma yver dykk! Den som gjeng i myrkret, veit ikkje kvar han kjem av.Select John 12:35
36So lenge de hev ljoset, so tru på ljoset, so de kann verta born åt ljoset!» Soleis tala Jesus; so gjekk han burt og løynde seg for deim.Select John 12:36
37Men endå han hadde gjort so mange teikn for augo deira, trudde dei ikkje på honom;Select John 12:37
38det skulde sannast det ordet som profeten Jesaja hev tala: «Herre, kven trudde det bodet me høyrde? Og kven synte Herrens arm seg for?»Select John 12:38
39Difor kunde dei ikkje tru; for ein annan stad hev Jesaja sagt:Select John 12:39
40«Han hev gjort augo deira blinde, og hev gjort hugen deira hard, so dei med augo inkje sjå med hjarta inkje skyna skal, og snu so eg deim lækja fær.»Select John 12:40
41So sagde Jesaja då han såg hans herlegdom og tala um honom.Select John 12:41
42Like vel var det då mange, jamvel av styresmennerne, som trudde på honom; men dei vilde ikkje kjennast ved det for farisæarane skuld; dei var rædde dei kunde verta utstøytte or synagoga;Select John 12:42
43for dei heldt æra hjå menneski gjævare enn æra hjå Gud.Select John 12:43
44Men Jesus ropa ut: «Den som trur på meg, trur ikkje på meg, men på honom som sende meg,Select John 12:44
45og den som ser meg, ser honom som sende meg.Select John 12:45
46Eg er komen til verdi - eit ljos, so ingen som trur på meg, skal verta verande i myrkret.Select John 12:46
47Um nokon høyrer ordi mine og ikkje tek vare på deim, so dømer ikkje eg honom; for eg er ’kje komen på den måten at eg skal døma verdi, men at eg skal frelsa verdi.Select John 12:47
48Den som vandar meg og ikkje tek imot ordi mine, hev den som dømer honom: det ordet eg hev tala, det skal døma honom på den siste dag.Select John 12:48
49For eg hev ikkje tala av meg sjølv; men Faderen, som sende meg, han hev sagt meg fyre kva eg skal segja og kva eg skal tala;Select John 12:49
50og eg veit at hans fyresegn er eit ævelegt liv. So talar eg då det som eg talar heiltupp so som Faderen hev sagt meg.»Select John 12:50
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation