John 13
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Det var straks fyre påskehøgtidi: Jesus visste at hans time var komen då han skulde fara burt frå denne verdi og heim til Faderen, og som han hadde elska sine eigne, som var i verdi, so elska han deim til enden.Select John 13:1
2Då dei heldt kveldverd, og djevelen alt hadde skote det i hugen på Judas Simonsson Iskariot at han skulde svika honom,Select John 13:2
3og då Jesus visste at Faderen hadde gjeve alt i hans hender, og at han var komen frå Gud og gjekk til Gud,Select John 13:3
4so reiser han seg frå bordet og legg av seg kjolen sin, og tek eit handklæde og batt um seg;Select John 13:4
5so slær han vatn i vaskarfatet og tok til å två føterne åt læresveinarne og turka dei med handklædet som han hadde bunde kring livet.Select John 13:5
6Han kjem då til Simon Peter, og han segjer til honom: «Herre, tvær du mine føter?»Select John 13:6
7Jesus svara honom so: «Kva det er eg gjer, veit du ikkje no, men du skal skyna det sidan.»Select John 13:7
8«Aldri i verdi skal du två mine føter,» segjer Peter. «Dersom eg ikkje tvær deg, hev du ingen ting i hop med meg,» svara Jesus.Select John 13:8
9Simon Peter segjer til honom: «Herre, ikkje berre føterne, men henderne og hovudet med!»Select John 13:9
10«Den som hev lauga seg, treng ikkje två anna enn føterne; elles er han heiltupp rein,» segjer Jesus; «og de er reine, men ikkje alle.»Select John 13:10
11Han visste kven som skulde svika honom; difor var det han sagde: «De er ’kje reine alle.»Select John 13:11
12Då han no hadde tvege føterne deira og teke på seg kjolen sin og sett seg til bords att, sagde han til deim: «Skynar de kva det er eg hev gjort med dykk?Select John 13:12
13De kallar meg «Meister» og «Herre,» og det segjer sant; for det er eg.Select John 13:13
14Hev no eg, herren og meisteren, tvege føterne dykkar, so lyt de og två føterne åt kvarandre.Select John 13:14
15Det er eit mynster eg hev synt dykk; som eg gjorde med dykk, so skal de og gjera.Select John 13:15
16Det segjer eg dykk for visst og sant: Ein tenar er ikkje større enn herren sin, og ein ærendsvein er ikkje større enn den som hev sendt honom.Select John 13:16
17Veit de det, so er de sæle, so sant de gjer etter det.Select John 13:17
18Eg talar ikkje um dykk alle; eg veit kven eg valde ut; men det var so Skrifti skulde sannast: «Den som et mitt brød, hev lyft sin hæl imot meg.»Select John 13:18
19Eg segjer dykk det alt no, fyrr det hev hendt, so de, når det hender, skal tru at eg er den eg er.Select John 13:19
20Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som tek imot ein eg sender, tek imot meg, og den som tek imot meg, tek imot den som sende meg.»Select John 13:20
21Då Jesus hadde sagt det, vart han uppøst i åndi, og sagde sterkt og ålvorsamt: «Det segjer eg dykk for visst og sant: Ein av dykk kjem til å svika meg!»Select John 13:21
22Læresveinarne såg på kvarandre og kunde ikkje skyna kven det var han meinte.Select John 13:22
23Ein av læresveinarne - den som Jesus elska - sat ved hans høgre sida.Select John 13:23
24Honom gjer Simon Peter eit teikn til, og segjer til honom: «Seg kven det er han meiner!»Select John 13:24
25Han bøygde seg då næmare innåt Jesus, og segjer til honom: «Herre, kven er det?»Select John 13:25
26«Det er han som eg gjev den biten eg no duppar i fatet,» svara Jesus. So duppar han biten, og tek og gjev honom til Judas Simonsson Iskariot.Select John 13:26
27Og då han hadde fenge biten, då for Satan i honom. So segjer Jesus til honom: «Gjer det snart, det du vil gjera!»Select John 13:27
28Men ingen av deim som sat med til bords, skyna kva han meinte med det han sagde til honom.Select John 13:28
29Sidan det var Judas som hadde kassa, tenkte sume at Jesus vilde segja som so: «Kjøp det me treng til høgtidi!» eller at han skulde gjeva noko til dei fatige.Select John 13:29
30Med det same Judas hadde teke mot biten, gjekk han ut. Det var natt.Select John 13:30
31Då han var gjengen, sagde Jesus: «No er Menneskjesonen herleggjord, og Gud er herleggjord i honom.Select John 13:31
32Er Gud herleggjord i honom, so skal Gud og herleggjera honom i seg sjølv, og han skal herleggjera honom snart.Select John 13:32
33Berre ei liti stund er eg endå hjå dykk, borni mine. De kjem til å leita etter meg, og som eg sagde til jødarne: «Dit eg gjeng, kann ikkje de koma,» so segjer eg no til dykk og.Select John 13:33
34Eit nytt bod gjev eg dykk: at de skal elska kvarandre; liksom eg hev elska dykk, so skal de og elska kvarandre.Select John 13:34
35På det skal alle skyna at de er mine læresveinar - på det at de hev kjærleik til kvarandre.»Select John 13:35
36Simon Peter segjer til honom: «Herre, kvar gjeng du av?» Jesus svara: «Dit eg gjeng, kann du ikkje fylgja meg no, men du skal fylgja meg sidan.»Select John 13:36
37«Kvi kann eg ikkje fylgja deg straks, Herre?» segjer Peter; «eg vil gjeva mitt liv for deg!»Select John 13:37
38«Vil du gjeva ditt liv for meg?» svara Jesus; «det segjer eg deg for visst og sant: Hanen skal ikkje gala fyrr du hev avneitta meg tri gonger.»Select John 13:38
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation