Skip to content
Church.wiki
John

John 14

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1«Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg!Select John 14:1

2I huset åt Far min er det mange rom; var det ’kje so, vilde eg vel då sagt dykk det; for eg gjeng burt og vil stella til ein verestad åt dykk.Select John 14:2

3Og når eg hev gjenge burt og stelt til ein verestad åt dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, so de og skal vera der eg er.Select John 14:3

4Og vegen dit eg gjeng, den veit de.»Select John 14:4

5Tomas segjer til honom: «Herre, me veit ’kje kvar du gjeng av; korleis kann me då vita vegen?»Select John 14:5

6Jesus svarar: «Eg er vegen og sanningi og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjenom meg;Select John 14:6

7hadde de kjent meg, so hadde de kjent far min og, og frå denne stund kjenner de honom, og hev set honom.»Select John 14:7

8Filip segjer til honom: «Herre, lat oss få sjå Faderen, so hev me nok!»Select John 14:8

9Jesus svarar: «No hev eg vore so lang ei tid i hop med dykk, og du kjenner meg ikkje, Filip? Den som hev set meg, hev set Faderen; korleis kann du då segja: «Lat oss få sjå Faderen?»Select John 14:9

10Trur du ikkje at eg er i Faderen, og Faderen er i meg? Dei ordi eg talar til dykk, talar eg ikkje av meg sjølv; men Faderen, som bur i meg, han er det som gjer sine verk.Select John 14:10

11Tru meg, når eg segjer at eg er i Faderen, og Faderen i meg! Um ikkje det, so tru meg for sjølve verki skuld!Select John 14:11

12Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som trur på meg, han skal gjera dei same verki som eg gjer, og han skal gjera større verk enn dei. For eg gjeng til Faderen,Select John 14:12

13og alt de bed um i mitt namn, det vil eg gjera, so Faderen kann verta herleggjord i Sonen.Select John 14:13

14Bed de meg um noko i mitt namn, so skal eg gjera det.Select John 14:14

15Elskar de meg, so held de bodi mine;Select John 14:15

16då skal eg beda Faderen, so gjev han dykk ein annan målsmann, som skal vera hjå dykk i all æva,Select John 14:16

17Sannings-Anden, som verdi ikkje kann få, for ho ser honom ikkje og kjenner honom ikkje. De kjenner honom; for han bur hjå dykk og skal vera inni dykk.Select John 14:17

18Eg vil ’kje lata dykk vera att åleine som foreldrelause born; eg kjem til dykk.Select John 14:18

19Um ei liti stund ser verdi meg ikkje lenger; men de ser meg; for eg liver, og de skal liva.Select John 14:19

20Den dagen skal de skyna at eg er i far min, og de er i meg, og eg i dykk.Select John 14:20

21Den som hev bodi mine og held deim, han er den som elskar meg, og den som elskar meg, honom skal far min elska, og eg skal elska honom og openberra meg for honom.»Select John 14:21

22Judas - ikkje Iskariot - segjer til honom: «Herre, kva hev hendt, sidan du vil syna deg for oss og ikkje for verdi?»Select John 14:22

23Jesus svara so: «Um nokon elskar meg, held han seg etter ordet mitt, og far min skal elska honom; og me skal koma til honom og taka vår bustad hjå honom.Select John 14:23

24Den som ikkje elskar meg, held seg ikkje etter ordi mine; og ordet de høyrer, er ikkje mitt, men far min’s, som sende meg.Select John 14:24

25Dette hev eg tala til dykk medan eg endå er hjå dykk.Select John 14:25

26Men målsmannen, den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk på alt det eg hev sagt dykk.Select John 14:26

27Fred leiver eg åt dykk, min fred gjev eg dykk; eg gjev dykk ikkje fred på den måten som verdi gjer det. Lat ikkje hjarta dykkar uroast og ikkje ræddast!Select John 14:27

28De høyrde eg sagde til dykk: «Eg gjeng burt og kjem til dykk att;» elska de meg, so gledde de dykk for di eg gjeng til Faderen, for Faderen er større enn eg.Select John 14:28

29Og no hev eg sagt dykk det fyrr det hev hendt, so de skal tru når det hender.Select John 14:29

30Heretter kjem eg ikkje til å tala mykje med dykk; for no kjem hovdingen yver verdi. I meg eig han ingen ting,Select John 14:30

31men eg vil verdi skal sjå at eg elskar Faderen, og gjer so som Faderen hev sagt til meg! Reis dykk, og lat oss ganga ifrå her!»Select John 14:31

Next: John 15Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

John

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.