Skip to content
Church.wiki
John

John 15

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1«Eg er det sanne vintreet, og Far min er vingardsmannen.Select John 15:1

2Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han burt, og kvar som ber frukt, reinskar han, so ho skal bera meir frukt.Select John 15:2

3De er alt reine for skuld ordet som eg hev tala til dykk.Select John 15:3

4Ver i meg, so er eg i dykk! Som greini ikkje kann bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, so kann ikkje de heller, utan de er i meg.Select John 15:4

5Eg er vintreet, de er greinerne. Den som er i meg og eg i honom, han ber mykje frukt; for utan meg kann de ingen ting gjera.Select John 15:5

6Um nokon ikkje vert verande i meg, vert han kasta ut som ei grein, og visnar; folk sankar deim i hop og kastar deim på elden, og dei brenn.Select John 15:6

7Vert de verande i meg, og vert ordi mine verande i dykk, so bed um kva de vil, og de skal få det!Select John 15:7

8På den måten vert far min herleggjord, at de ber mykje frukt, og de vert mine læresveinar.Select John 15:8

9Som Faderen hev elska meg, so hev eg elska dykk; ver i min kjærleik!Select John 15:9

10Held de bodi mine, so er de i min kjærleik, liksom eg hev halde bodi åt far min, og er i hans kjærleik.Select John 15:10

11Dette hev eg tala til dykk so mi gleda kann vera i dykk, og dykkar gleda kann verta fullkomi.Select John 15:11

12Det er bodet mitt, at de skal elska kvarandre, som eg hev elska dykk.Select John 15:12

13Ingen hev større kjærleik enn at han gjev livet sitt for venerne sine.Select John 15:13

14De er venerne mine, so sant de gjer det eg segjer til dykk.Select John 15:14

15Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger; for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer, men dykk kallar eg vener, for alt eg hev høyrt av far min, hev eg sagt med dykk.Select John 15:15

16De hev ikkje valt ut meg, men eg hev valt ut dykk, og sett dykk til å ganga ut og bera frukt - frukt som varer ved, so Faderen kann gjeva dykk alt de bed um i mitt namn.Select John 15:16

17Det er det eg legg dykk på hjarta, at de skal elska kvarandre.Select John 15:17

18Um verdi hatar dykk, so må de vita at ho hev hata meg fyre dykk.Select John 15:18

19Var de av verdi, so vilde verdi elska sitt eige. Men for di de ikkje er av verdi, men eg hev valt dykk ut or verdi, difor hatar verdi dykk.Select John 15:19

20Kom i hug det ordet eg sagde dykk: Ein tenar er ikkje større enn herren sin; hev dei forfylgt meg, vil dei forfylgja dykk og; hev dei halde seg etter mitt ord, vil dei halda seg etter dykkar ord og.Select John 15:20

21Men alt dette kjem dei til å gjera mot dykk for mitt namn skuld, av di dei ikkje kjenner den som sende meg.Select John 15:21

22Var eg ikkje komen og hadde tala til deim, so hadde dei ikkje synd; men no hev dei ingen ting å orsaka syndi si med.Select John 15:22

23Den som hatar meg, hatar og far min.Select John 15:23

24Hadde eg ’kje gjort slike verk bland deim som ingen annan hev gjort, so hadde dei ikkje synd; men no hev dei set deim, og like vel hatar dei både meg og far min.Select John 15:24

25Men det er av di det laut sannast det ordet som er skrive i lovi deira: «Utan orsak hata dei meg.»Select John 15:25

26Når målsmannen kjem, han som eg vilde senda dykk frå Faderen, Sannings-Anden, som gjeng ut frå Faderen, so skal han vitna um meg.Select John 15:26

27Men de og skal vitna; for de hev vore med meg frå det fyrste.»Select John 15:27

Next: John 16Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

John

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.