Skip to content
Church.wiki
John

John 2

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Tridje dagen stod det eit brudlaup i Kana i Galilæa. Mor åt Jesus var der,Select John 2:1

2og Jesus og læresveinarne hans vart og bedne til brudlaupet.Select John 2:2

3Då vinen traut, segjer mor åt Jesus til honom: «Dei hev ikkje vin!»Select John 2:3

4«Kva vil du meg, kvinna?» svara Jesus; «mi tid er ikkje endå komi.»Select John 2:4

5«Gjer alt han segjer til dykk!» sagde mor hans til bordsveinarne.Select John 2:5

6Etter di no jødarne hev for vis å två seg fyre måli, stod det der seks vats-kjer av stein; kvart av deim tok tvo eller tri anker.Select John 2:6

7«Fyll kjeri med vatn!» segjer Jesus til bordsveinarne. Då fyllte dei kjeri heilt uppåt barden.Select John 2:7

8So sagde han til deim: «Aus no upp, og ber det til kjøkemeisteren!» Dei so gjorde;Select John 2:8

9men då kjøkemeisteren hadde smaka på vatnet som var vorte til vin, og ikkje visste kvar den vinen kom ifrå - men bordsveinarne visste det, dei som hadde aust upp vatnet - so ropa han på brudgomen, og sagde til honom:Select John 2:9

10«Kvar mann set fyrst fram den gode vinen, og når folk hev vorte drukne, den ringare; du hev gøymt den gode vinen til no!»Select John 2:10

11Dette fyrste teiknet sitt gjorde Jesus i Kana i Galilæa, og let sin herlegdom skina fram; og læresveinarne hans trudde på honom.Select John 2:11

12Sidan for han ned til Kapernaum med mor si og brørne og læresveinarne sine, og der vart dei verande nokre få dagar.Select John 2:12

13Det leid til påskehelgi åt jødarne, og Jesus for upp til Jerusalem.Select John 2:13

14I templet fann han folk som selde uksar og sauer og duvor, og andre som sat og veksla pengar.Select John 2:14

15Då gjorde han seg ei svepa av reimar og dreiv deim alle ut or templet, og sauerne og uksarne med; småpengarne åt vekslarane kasta han utyver, og velte bordi deira,Select John 2:15

16og til duvekræmarane sagde han: «Burt med dette! Gjer ikkje huset åt Far min til ei krambud!»Select John 2:16

17Og læresveinarne kom i hug at det stend skrive: «Brennhug for ditt hus kjem til å eta meg upp.»Select John 2:17

18Då tok jødarne til ords og sagde til honom: «Kva teikn syner du oss, sidan du gjer dette?»Select John 2:18

19Jesus svara: «Riv dette templet ned, og eg skal reisa det upp att på tri dagar!»Select John 2:19

20«I seks og fyrti år hev det vore bygt på dette templet,» sagde dei då, «og du vil reisa det upp att på tri dagar!»Select John 2:20

21Men det var likams-templet sitt han tala um.Select John 2:21

22Då han no hadde stade upp frå dei daude, kom læresveinarne hans i hug at han hadde sagt dette, og dei trudde Skrifti og det ordet Jesus hadde sagt.Select John 2:22

23Medan han var i Jerusalem i påskehelgi, på høgtidi, trudde mange på namnet hans då dei såg dei teikni han gjorde.Select John 2:23

24Men sjølv trudde Jesus seg ikkje til deim, av di han kjende alle,Select John 2:24

25og ikkje trong at nokon skulde vitna um noko menneskje; for han visste sjølv kva som budde i det menneskjet.Select John 2:25

Next: John 3Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

John

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.