John 20
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Tidleg den fyrste dagen i vika, medan det endå var myrkt, kjem Maria Magdalena til gravi, og ser at steinen er teken burt frå gravi.Select John 20:1
2Ho spring av stad, og kjem til Simon Peter og den andre læresveinen, han som Jesus elska, og segjer til deim: «Dei hev teke Herren ut or gravi, og me veit ikkje kvar dei hev lagt honom.»Select John 20:2
3Då tok dei ut, både Peter og den andre læresveinen, og gav seg på vegen til gravi.Select John 20:3
4Dei sprang båe saman; so sprang den andre læresveinen fyre, forare enn Peter, og kom fyrst til gravi.Select John 20:4
5Han lutte seg ned og glytte inn; då såg han at lindarne låg der; men han gjekk ikkje inn.Select John 20:5
6So kjem Simon Peter etter, og gjekk inn i gravi. Han ser lindarne liggja der;Select John 20:6
7men sveiteduken, som Jesus hadde havt kring hovudet, låg ikkje saman med lindarne, men på ein stad for seg sjølv, og var balla i hop.Select John 20:7
8Då gjekk den andre læresveinen og inn, han som var komen fyrst til gravi, og han såg og trudde.Select John 20:8
9For dei skyna endå ikkje skrifti, at han skulde standa upp frå dei daude.Select John 20:9
10So gjekk læresveinarne heim att.Select John 20:10
11Men Maria stod utanfor ved gravi og gret. Som ho no gråtande lutte seg ned og glytte inn i gravi,Select John 20:11
12fær ho sjå tvo kvitklædde englar sitja der, ein ved hovudet og ein ved føterne, der likamen åt Jesu hadde lege.Select John 20:12
13Dei segjer til henne: «Kvi græt du, kvinna?» Ho svarar: «For di dei hev teke Herren min burt, og eg veit ikkje kvar dei hev lagt honom.»Select John 20:13
14Med so sagt snudde ho seg, og då ser ho Jesus stend der, men ho visste ikkje at det var han.Select John 20:14
15Jesus segjer til henne: «Kvi græt du, kvinna? Kven leitar du etter?» Ho tenkte det var hagemeisteren, og segjer til honom: «Herre, er det du som hev bore han burt, so seg meg kvar du hev lagt honom; då vil eg henta honom.»Select John 20:15
16«Maria!» segjer Jesus. Då snur ho seg, og segjer til honom på hebraisk: «Rabbuni!» det er på vårt mål: «Meister!»Select John 20:16
17«Kom ikkje nær meg!» segjer Jesus; «for endå hev eg ikkje fare upp til far min. Men gakk til brørne mine, og seg deim frå meg: No fer eg upp til honom som er min Fader og dykkar Fader, og min Gud og dykkar Gud!»Select John 20:17
18Maria Magdalena kjem og segjer til læresveinarne: «Eg hev set Herren,» og at han hadde sagt dette til henne.Select John 20:18
19Då det vart kveld same dagen - den fyrste i vika - og dørerne var stengde der læresveinarne var, av di dei var rædde jødarne, kom Jesus og stod midt ibland deim og segjer: «Fred vere med dykk!»Select John 20:19
20og då han hadde sagt det, synte han deim henderne sine og sida si. Læresveinarne vart glade då dei såg Herren.Select John 20:20
21Og han sagde endå ein gong: «Fred vere med dykk! Som Faderen hev sendt meg, so sender eg dykk.»Select John 20:21
22Med desse ordi anda han på deim og sagde til deim: «Tak imot den Heilage Ande!Select John 20:22
23Tilgjev de nokon synderne deira, so er dei tilgjevne; held de dei att for nokon, so er dei atthaldne.»Select John 20:23
24Tomas, ein av dei tolv, han som me kallar Didymus, var ikkje saman med deim då Jesus kom.Select John 20:24
25So sagde dei andre læresveinarne med honom: «Me hev set Herren.» Han svara: «Det trur eg ikkje fyrr eg fær sjå naglemerket i henderne hans og fær stinga fingeren min i nagleholet og fær stinga handi mi i sida hans.»Select John 20:25
26Åtte dagar etter var læresveinarne hans inne att, og Tomas var med deim. Dørerne var stengde. Då kom Jesus og stod midt ibland deim og sagde: «Fred vere med dykk!»Select John 20:26
27So segjer han til Tomas: «Kom hit med fingeren din, og sjå på henderne mine, og kom hit med handi di og stikk henne i sida mi, og ver ikkje vantruen, men truande!»Select John 20:27
28«Min Herre og min Gud!» svara Tomas.Select John 20:28
29Jesus segjer til honom: «Sidan du hev set meg, trur du! Sæle dei som ikkje ser og endå trur!»Select John 20:29
30Endå mange andre teikn gjorde Jesus for augo åt læresveinarne sine, teikn som ikkje er skrive i denne boki.Select John 20:30
31Men desse er skrivne so de skal tru at Jesus er Messias, Guds Son, og so de som trur skal hava liv i hans namn.Select John 20:31
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation