Skip to content
Church.wiki
John

John 9

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Då han gjekk frametter, fekk han sjå ein mann som hadde vore blind frå han var fødd.Select John 9:1

2Læresveinarne spurde honom: «Rabbi, kven er det som hev synda, han eller foreldri hans, sidan han laut koma til verdi blind?»Select John 9:2

3«Dei hev ikkje synda, korkje han eller foreldri hans,» svara Jesus, «men det var for di Guds verk skulde syna seg på honom.Select John 9:3

4So lenge det er dag, lyt me gjera hans verk som hev sendt meg; det kjem ei natt då ingen kann gjera noko verk.Select John 9:4

5Medan eg er i verdi, er eg ljoset åt verdi.»Select John 9:5

6Med so sagt sputta han på jordi og laga ei gyrma av sputtet; den gyrma smurde han på augo hansSelect John 9:6

7og sagde til honom: «Gakk og två deg i Siloadammen!» - Siloa tyder sendemann -. So gjekk han ’stad og tvo seg, og då han kom att, kunde han sjå.Select John 9:7

8Då sagde grannarne og dei som jamleg hadde set honom fyrr - for han var ein tiggar: «Er ’kje det han som sat og bad seg?»Select John 9:8

9«Jau, det er han,» sagde andre. Endå andre sagde: «Nei, men han er lik honom.» Sjølv sagde han: «Det er eg.»Select John 9:9

10«Korleis vart augo dine opna?» sagde dei då.Select John 9:10

11Han svara: «Den mannen som dei kallar Jesus, laga ei gyrma og smurde på augo mine og sagde til meg: «Gakk til Siloa og två deg!» So gjekk eg ’stad og tvo meg, og då fekk eg syni mi.»Select John 9:11

12«Kvar er han, den mannen?» spurde dei. «Eg veit ikkje,» segjer han.Select John 9:12

13Dei fører honom til farisæarane, han som hadde vore blind.Select John 9:13

14Det var på ein kviledag Jesus laga gyrma og opna augo hans.Select John 9:14

15So spurde dei honom att, farisæarane og, korleis han hadde fenge syni si. «Han lagde ei gyrma på augo mine,» svara han; «so tvo eg meg, og no ser eg.»Select John 9:15

16Då sagde nokre av farisæarane: «Den mannen er ikkje frå Gud, sidan han ikkje held kviledagen.» Andre sagde: «Korleis kann ein syndug mann gjera slike teikn?» Og dei var usams um dette.Select John 9:16

17So segjer dei til den blinde att: «Kva segjer du um honom, sidan han hev opna augo dine?» «Han er ein profet,» svara han.Select John 9:17

18Då vilde ikkje jødarne tru det um honom at han hadde vore blind og fenge syni si, fyrr dei hadde henta foreldri åt honom som hadde fenge syni si.Select John 9:18

19Dei spurde deim: «Er dette son dykkar som de segjer er fødd blind? Korleis hev det seg då at han no ser?»Select John 9:19

20«Me veit at dette er vår son, og at han er fødd blind,» svara foreldri hans;Select John 9:20

21«men korleis det hev seg at han no ser, det veit me ikkje, og kven som hev opna augo hans, veit me ’kje heller. Spør honom sjølv! Han er gamall nok; han kann sjølv svara for seg.»Select John 9:21

22Det sagde foreldri hans av di dei var rædde jødarne; for jødarne var alt samrådde um at den som kanna honom for Messias, skulde støytast ut or synagoga;Select John 9:22

23difor var det foreldri hans sagde: «Han er gamall nok; spør honom sjølv!»Select John 9:23

24So henta dei andre gongen til seg den mannen som hadde vore blind, og sagde til honom: «Gjev Gud æra! Me veit at denne mannen er ein syndar!»Select John 9:24

25«Um han er ein syndar, veit eg ikkje,» svara han; «eitt veit eg: eg var blind, og no ser eg.»Select John 9:25

26«Kva gjorde han med deg?» sagde dei då; «korleis gjekk det til at han opna augo dine?»Select John 9:26

27«Eg hev alt sagt dykk det,» svara han, «og de agta ikkje på det; kvi vil de høyra det upp att? Kann henda de og vil verta læresveinarne hans?»Select John 9:27

28Då skjelte dei honom ut og sagde: «Du er hans læresvein, men me er Moses’ læresveinar.Select John 9:28

29Me veit at Gud hev tala til Moses, men um denne veit me ikkje kvar han er ifrå.»Select John 9:29

30«Då er det underlegt at de ikkje veit kvar han er ifrå,» svara mannen; «han hev då opna mine augo.Select John 9:30

31Me veit at Gud ikkje høyrer på syndarar; men den som ottast honom og gjer etter hans vilje, den høyrer han.Select John 9:31

32Frå ævords tid hev det ikkje vore spurt at nokon hev opna augo på ein blindfødd.Select John 9:32

33Var ’kje denne mannen komen frå Gud, kunde han ingen ting gjera.»Select John 9:33

34Då ropa dei imot honom: «I synder er du fødd og boren, og du vil læra oss!» og kasta honom ut.Select John 9:34

35Jesus fekk høyra at dei hadde kasta honom ut, og då han møtte honom, sagde han til honom: «Trur du på Guds Son?»Select John 9:35

36«Kven er det då, Herre, so eg kann tru på honom?» svara han.Select John 9:36

37Du hev set honom, sagde Jesus; «det er den som no talar med deg.»Select John 9:37

38«Eg trur, Herre!» sagde mannen og kasta seg på kne for honom.Select John 9:38

39Og Jesus sagde: «Til doms er eg komen til denne verdi, so dei som ikkje ser, skal sjå, og dei som ser, skal verta blinde.»Select John 9:39

40Nokre farisæarar som var innmed honom, høyrde det og sagde: «Kann henda me og er blinde?»Select John 9:40

41Då sagde Jesus: «Var de blinde, so hadde de ikkje synd; men no segjer de: «Me ser» - og syndi dykkar vert verande der ho var.»Select John 9:41

Next: John 10Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

John

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.