Skip to content
Church.wiki
Joshua

Joshua 1

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Då Moses, Herrens tenar, var slokna, då tala Herren soleis til Josva Nunsson, fylgjesveinen hans:Select Joshua 1:1

2«Moses, tenaren min, er slokna. Gjer deg no reidug og far med alt dette folket yver Jordanåi til det landet som eg vil gjeva Israels-sønerne!Select Joshua 1:2

3Kvar staden de set foten på, gjev eg dykk, soleis som eg sagde med Moses:Select Joshua 1:3

4Frå øydemarki og Libanon der nord til Storelvi, Eufrat, yver heile Hetitarlandet, alt til det store havet der soli glader, skal riket dykkar nå.Select Joshua 1:4

5I alle dine livedagar, skal ingen vera mann til å standa seg mot deg. Eg skal vera med deg, liksom eg var med Moses; aldri skal eg sleppa deg og aldri forlata deg.Select Joshua 1:5

6Ver sterk og stød! For du skal hjelpa dette folket til å vinna det landet som eg lova federne deira å gjeva deim.Select Joshua 1:6

7Ver du berre retteleg sterk og stød, so du aldri gløymar å halda deg etter heile den lovi som Moses, tenaren min, lærde deg! Vik ikkje av ifrå den, korkje til høgre eller vinstre! Då kjem du til å stella deg visleg i all di ferd.Select Joshua 1:7

8Hav allstødt denne lovi på tunga, og grunna på henne natt og dag, so du kjem i hug å liva etter alt det som der stend skrive! Då skal du hava lukka med deg på vegarne dine; for då fer du visleg fram.Select Joshua 1:8

9Du veit eg hev sagt deg at du skal vera sterk og stød, ikkje ræddast og ikkje fæla; for Herren, din Gud, er med deg, kvar du fær.»Select Joshua 1:9

10Då tala Josva til formennerne for lyden og sagde:Select Joshua 1:10

11«Gakk kring i lægret og seg so til folket: «No lyt de laga til ferdakost åt dykk: for um tri dagar skal de fara yver Jordan, so de kann koma inn og eigna til dykk det landet som Herren, dykkar Gud, vil gjeva dykk!»»Select Joshua 1:11

12Og til rubenitarne og gaditarne og helvti av Manasse-ætti tala han so:Select Joshua 1:12

13«Kom i hug kva Moses, Herrens tenar, sette dykk fyre då han sagde: «Herren, dykkar Gud, vil at de skal koma til ro; difor gjev han dykk dette landet.»Select Joshua 1:13

14No skal konorne og borni dykkar og bufeet verta verande i det landet som Moses gav dykk austanfor Jordan; men sjølve lyt de, so mange av dykk som er fullgode stridsmenner, fara herbudde fyre brørne dykkar og hjelpa deim,Select Joshua 1:14

15til dess Herren let deim og koma til ro liksom de, og dei hev eigna til seg det landet som Herren, dykkar Gud, vil gjeva deim; då skal de fara heim att og busetja dykk i dykkar eige land, det som Moses, Herrens tenar, gav dykk her på austsida av Jordan.»Select Joshua 1:15

16Då svara dei Josva so: «Alt du hev sagt til oss, skal me gjera, og kvar du sender oss, skal me ganga.Select Joshua 1:16

17Liksom me lydde Moses i alle ting, soleis vil me og lyda deg, berre Herren, din Gud, er med deg, som han var med Moses.Select Joshua 1:17

18Den som set seg upp imot bodi dine og ikkje lyder deg i alt du segjer han fyre, han skal døy. Ver du berre sterk og stød!»Select Joshua 1:18

Next: Joshua 2Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Joshua

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.