Joshua 19
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Den andre luten fall på Simeon, på Simeons-sønerne og ættgreinerne deira. Det landet dei fekk, låg midt i Judafylket.Select Joshua 19:1
2Til Simeonsfylket høyrde Be’erseba og Seba og MoladaSelect Joshua 19:2
3og Hasar-Sual og Bala og EsemSelect Joshua 19:3
4og Eltolad og Betul og HormaSelect Joshua 19:4
5og Siklag og Bet-Hammarkabot og Hasar-SusaSelect Joshua 19:5
6og Bet-Leabot og Saruhen - trettan byar med grenderne som høyrde til;Select Joshua 19:6
7Ajin, Rimmon og Eter og Asan, fire byar, med grenderne som høyrde til,Select Joshua 19:7
8og alle bygderne som låg ikring desse byarne, alt til Ba’alat-Be’er, eller Rama, i Sudlandet. Dette var odelsjordi åt Simeons-ætti og greinerne hennar.Select Joshua 19:8
9Dei fekk odelseiga si i det landet som var mælt ut til Juda-sønerne. Den luten som fall på Juda-sønerne, vart for stor åt deim; difor var det at Simeons-sønerne fekk landet sitt midt i deira land.Select Joshua 19:9
10Den tridje luten fall på Sebulons-sønerne og ættgreinerne deira. Det landet dei fekk, rakk til Sarid.Select Joshua 19:10
11Fylkesdeilet gjekk i vest upp til Marala, gjekk frammed Dabbeset og nådde den bekken som renn austanfor Jokneam.Select Joshua 19:11
12I aust, der soli kjem upp, vende det seg frå Sarid burt imot Kislot-Taborbygdi, heldt fram til Daberat og gjekk upp til Jafia.Select Joshua 19:12
13Derifrå tok det, på solsida, austsida, yver til Gat-Hefer og Et-Kasin, heldt fram til Rimmon og svinga burt til Nea.Select Joshua 19:13
14So vende deilet seg nordetter til Hannaton og enda i Jiftaheldalen.Select Joshua 19:14
15I Sebulonsfylket låg og Kattat og Nahalal og Simron og Jidala og Betlehem; i alt var der tolv byar med grender ikring.Select Joshua 19:15
16Dette var det landet Sebulons-sønerne og ættgreinerne deira fekk til odel og eiga med byar og bygdar.Select Joshua 19:16
17Issakar var det som fekk den fjorde luten, Issakars-sønerne og ættgreinerne deira.Select Joshua 19:17
18I landet deira låg Jisre’ela og Kesullot og SunemSelect Joshua 19:18
19og Hafarajim og Sion og AnaharatSelect Joshua 19:19
20og Rabbit og Kisjon og EbesSelect Joshua 19:20
21og Remet og En-Gannim og En-Hadda og Bet-Passes.Select Joshua 19:21
22Fylkesdeilet snart innåt Tabor og Sahasuma og Bet-Semes, og enda i Jordan. I alt var der sekstan byar med grender ikring.Select Joshua 19:22
23Dette var det landet som Issakars-ætti og greinerne hennar fekk til odel og eiga, med byar og bygder.Select Joshua 19:23
24Den femte luten fall på Assers-ætti og greinerne hennar.Select Joshua 19:24
25I deira land låg Helkat og Hali og Beten og AksafSelect Joshua 19:25
26og Allammelek og Amad og Misal. Fylkesdeilet nådde i vest til Karmel og Libnatåi;Select Joshua 19:26
27i aust tok det leidi til Bet-Dagon og gjekk so nordetter frammed Sebulonsfylket og Jiftaheldalen til Bet-ha-Emek og Ne’iel; sidan heldt det fram på vinstre hand til KabulSelect Joshua 19:27
28og Ebron og Rehob og Hammon og Kana, alt burt til Stor-Sidon.Select Joshua 19:28
29So vende deilet seg mot Rama, og heldt fram til Tyrusborgi; der ifrå tok det leidi til Hos, og gjekk ut i havet ikkje langt frå Akzib.Select Joshua 19:29
30Umma og Afek og Rehob låg og i dette fylket. I alt var der tvo og tjuge byar med grender ikring.Select Joshua 19:30
31Dette var det landet som Assers-ætti og greinerne hennar fekk til odel og eiga, med byar og bygder.Select Joshua 19:31
32På Naftali-sønerne fall den sette luten, på Naftali-sønerne og ættgreinerne deira.Select Joshua 19:32
33Fylkesdeilet deira gjekk frå Helef, frå Besa’annim-eiki, um Adami-Hannekeb og Jabne’el, heldt fram til Lakkum, og gjekk ut i Jordan.Select Joshua 19:33
34So vende deilet seg vestetter til Aznot-Tabor, og heldt fram til Hukkok. I sud skifte dei med Sebulon, og i vest med Asser; i aust fylgde skiftelina Jordan.Select Joshua 19:34
35Av faste byar var der: Siddim, Ser og Hammat, Rakkat og KinneretSelect Joshua 19:35
36og Adama og Rama og HasorSelect Joshua 19:36
37og Kedes og Edre’i og En-HasorSelect Joshua 19:37
38og Jiron og Migdal-El, Horem og Bet-Anat og Bet-Semes. I alt var der nittan byar med grender ikring.Select Joshua 19:38
39Dette var det landet Naftali-ætti og greinerne hennar fekk til odel og eiga med byar og bygder.Select Joshua 19:39
40På Dans-ætti og greinerne hennar fall den sjuande luten.Select Joshua 19:40
41I deira fylkesland låg Sora og Estaol og Ir-SemesSelect Joshua 19:41
42og Sa’alabbin og Ajjalon og JitlaSelect Joshua 19:42
43og Elon og Timnata og EkronSelect Joshua 19:43
44og Elteke og Gibbeton og Ba’alatSelect Joshua 19:44
45og Jehud og Bene-Berak og Gat-RimmonSelect Joshua 19:45
46og Me-Hajarkon og Rakkon og bygderne burtmed Joppe.Select Joshua 19:46
47Men Danseiga rakk vidare enn so: Dans-sønerne for nordetter, og tok på Lesem-buarne; dei vann landet deira, og øydde det med odd og egg; sidan lagde dei det under seg og vart buande der; og i staden for Lesem kalla dei bygdi Dan etter ættefaren sin.Select Joshua 19:47
48Dette var det landet Dans-ætti og greinerne hennar fekk til odel og eiga med byar og bygder.Select Joshua 19:48
49Då Israels-sønerne vel hadde skift ut heile Kana’ans-landet, so vidt som det var, let dei Josva Nunsson få ei odelseiga millom seg;Select Joshua 19:49
50dei gav honom, etter Herrens bod, den byen han bad um, Timnat-Serah på Efraimsfjellet; og han bygde upp byen, og busette seg der.Select Joshua 19:50
51Dette var dei odelseigorne som Eleazar, øvstepresten, og Josva Nunsson og hovdingarne yver Israels ætter og ættgreiner luta ut i Silo, for Herrens åsyn i møtetjelddøri. Dermed var dei ferdige med å skifta ut landet.Select Joshua 19:51
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain