Joshua 2
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Josva Nunsson sende i løynd tvo spæjarar ut frå Sittim, og sagde til deim: «Tak av stad, og sjå dykk um i landet, helst i Jeriko!» So for dei i veg, og då dei kom fram, gjekk dei inn til ei skjøkja som heitte Rahab, og der fekk dei hus.Select Joshua 2:1
2Då vart det sagt kongen i Jeriko at nokre israelitiske menner var komne der um kvelden og vilde spæja ut landet.Select Joshua 2:2
3So sende kongen bod til Rahab, og sagde: «Kom fram med dei mennerne som er komne til deg, og som du hev lånt hus! Dei vil spæja ut heile landet; det er det dei er komne for.»Select Joshua 2:3
4Men kvinna tok og løynde båe mennerne, og so sagde ho: «Ja, det er fulla so at det kom nokre menner til meg, men eg visste ikkje kvar dei var ifrå;Select Joshua 2:4
5og i skumingi, då porten skulde stengjast, tok dei ut att; eg veit ikkje kvar dei for av. Nøyt dykk og set etter deim, so tek de deim nok att!»Select Joshua 2:5
6Dette sagde ho; men ho hadde sjølv fylgt deim upp på taket, og løynt deim under noko lin som ho hadde breidt utyver der.Select Joshua 2:6
7So tok kongsmennerne ut, og sette etter deim på vegen til Jordan, burtåt vadi; og porten vart stengd med same dei var farne.Select Joshua 2:7
8Fyrr ferdamennerne hadde lagt seg til å sova, kom Rahab upp på taketSelect Joshua 2:8
9og sagde til deim: «Eg veit at Herren hev gjeve dykk dette landet. For dykkar skuld hev det kome ein otte yver oss, og alle som bur her i landet, er so rædde dykk at dei skjelv.Select Joshua 2:9
10For me hev fenge spurt at Herren turka ut Sevhavet framfyre dykk då de for frå Egyptarland, og me hev høyrt kva de gjorde med båe amoritarkongarne på hi sida Jordan, Sihon og Og, dei som de bannstøytte.Select Joshua 2:10
11Då me høyrde det, kolna me all igjenom, so rædde vart me, og no finst det ingen meir som hev hug til å møta dykk; for Herren, dykkar Gud, han er Gud både uppi himmelen og nedpå jordi.Select Joshua 2:11
12So sver meg no ved Herren, at sidan eg hev gjort vel imot dykk, so skal de gjera vel mot folket mitt, og gjev med trygd forSelect Joshua 2:12
13at de vil spara foreldri og syskini mine og alt husfolket deira, og berga livet vårt!»Select Joshua 2:13
14Då sagde mennerne: «Med vårt eige liv skal me svara for livet dykkar, so sant de ikkje let nokon få vita kva ærend me fer i; og når Herren gjev oss dette landet, so skal me vera trugne og gjera vel mot deg.»Select Joshua 2:14
15So fira ho deim med eit reip ned frå vindauga; for ho budde attmed bymuren, og huset hennar gjekk i eitt med muren.Select Joshua 2:15
16Og ho sagde til deim: «Far no til fjells, so de ikkje møter deim som leitar etter dykk, og haldt dykk løynde der i tri dagar, til dei kjem att; sidan kann de fara kvar de vil.»Select Joshua 2:16
17Då sagde mennerne til henne: «Gjer du ikkje som me no segjer, so held me oss for løyste frå den eiden du let oss sverja:Select Joshua 2:17
18Når me kjem inn i landet, skal du binda denne raude snori i vindauga som du fira oss ned frå, og so skal du samla foreldri og brørne dine og alt skyldfolket ditt i huset hjå deg.Select Joshua 2:18
19Gjeng då nokon ut or husdøri di, so er det hans eigi skuld um han vert drepen, og me er skuldlause; men vert det lagt hand på nokon av deim som er i huset hjå deg, so skal me svara for livet hans.Select Joshua 2:19
20Og talar du til nokon um ærendi vår, so er me og løyste frå den eiden du tok av oss.»Select Joshua 2:20
21«Det skal vera som de segjer,» svara ho. So bad ho farvel med deim, og dei gjekk. Sidan batt ho den raude snori i vindauga.Select Joshua 2:21
22Dei gjekk til dei kom upp i fjellet; der heldt dei seg i tri dagar, til dei som hadde sett etter deim, var attkomne; dei hadde leita etter heile vegen, men ingen funne.Select Joshua 2:22
23So tok dei tvo ferdamennerne på heimvegen og gjekk ned frå fjellet, og sette yver elvi, og kom til Josva Nunsson, og sagde frå um alt det som hadde hendt deim.Select Joshua 2:23
24«Herren hev gjeve heile landet i våre hender,» sagde dei til Josva, «og alle som bur der, er so rædde oss at dei skjelv.»Select Joshua 2:24
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain