Skip to content
Church.wiki
Joshua

Joshua 23

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Då lang tid var lidi, og Herren hadde late Israel få fred for alle fiendar rundt ikring, og Josva var gamall vorten og ut i åri komen,Select Joshua 23:1

2då kalla Josva i hop heile Israel, styresmennerne og hovdingarne og domarane og formennerne deira, og sagde med deim: No er eg gamall og langt fram i åri;Select Joshua 23:2

3og de hev sjølve set alt det Herren hev gjort med alle dei folki som laut røma for dykk; for det var Herren, dykkar Gud, som stridde for dykk.Select Joshua 23:3

4Dei veit eg hev luta ut åt dykk, ætt for ætt, dei riki som endå er att, og like eins alle deim eg hev lagt i øyde, frå Jordan og til Storhavet der soli gjeng ned.Select Joshua 23:4

5Herren, dykkar Gud, skal sjølv støyta desse folki ut og driva deim burt for dykk, og de skal få eigna til dykk landet deira, soleis som Herren, dykkar Gud, hev lova dykk.Select Joshua 23:5

6So ver no urikkeleg støde til å halda og gjera alt det som er skrive i lovboki åt Moses! Vik aldri av ifrå det, korkje til høgre eller vinstre!Select Joshua 23:6

7Gjev dykk ikkje i lag med desse folki, deim som er att hjå dykk! Tak ikkje namnet åt gudarne deira på tunga, sver ikkje ved deim, ten deim ikkje, og bed ikkje til deim,Select Joshua 23:7

8men haldt fast ved Herren dykkar Gud, soleis som de hev gjort til denne dag!Select Joshua 23:8

9Difor dreiv Herren ut for dykk store og sterke folkeslag, og ingen hev til dessa vore god til å standa seg mot dykk.Select Joshua 23:9

10Ein einaste av dykk kunde jaga tusund; for det var Herren, dykkar Gud, som stridde for dykk, soleis som han hadde lova.Select Joshua 23:10

11So agta no vel på dykk sjølve, so sant de hev livet kjært, og elska Herren, dykkar Gud!Select Joshua 23:11

12For fell de ifrå, og held lag med dei folki som endå er att hjå dykk, og de gifter born i hop og blandar dykk med kvarandre,Select Joshua 23:12

13so skal de vita for visst at Herren, dykkar Gud, aldri vil driva desse folki ut for dykk; men dei skal verta til ei snara og ei fella for dykk, og til ei svipa yver ryggen og tornar i augo dykkar, til dess de vert utrudde or dette gilde landet som Herren, dykkar Gud, hev gjeve dykk.Select Joshua 23:13

14No fer eg snart den vegen alt her på jordi lyt fara. Kom då i hug, og lat det aldri ganga dykk or minne, at ikkje eit einaste av alle dei gode ordi som Herren, dykkar Gud, hev lyst yver dykk, hev vorte um inkje; alt hev gjenge fram; aldri eit ord hev vorte um inkje.Select Joshua 23:14

15Men liksom det hev gjenge etter alle dei gode ordi som Herren, dykkar Gud, hev tala til dykk, soleis skal Herren lata alt det vonde han hev truga med koma yver dykk, til han hev rudt dykk ut or dette gilde landet som han hev gjeve dykk.Select Joshua 23:15

16Bryt de sambandet med Herren, dykkar Gud, det som han hev sagt at det skal halda, og gjeng de av og tener andre gudar og bed til deim, då skal Herrens harm loga imot dykk, og de skal vonom snøggare verta utrudde or det gilde landet han hev gjeve dykk.Select Joshua 23:16

Next: Joshua 24Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Joshua

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.